A A A
Kontrastverktøy Kontrastverktøy

Ledige stilling - Vaksenopplæring

Me har ledig 100% stilling som undervisningsinspektør i Vaksenopplæringen.
Søknadsfrist 06.06.2016.

Skulen er under utvikling og me ønskjer oss ein undervisningsinspektør med erfaring og interesse for;
- pedagogisk og administrativ leiing,
- involverande og kollektivt endringsarbeid
- ha evna til nytenking og utvikling
- vera kreativ og sjå gode løysingar.

Arbeidsoppgåver
Organisasjon i Vaksenopplæringen er under utgreiing, og stillingen vil vera ein del av skulen si leiing.  Arbeidsoppgåver
og ansvar vil verta fastsett ut frå ei heilheitsvurdering av kompetanse og arbeidsfordeling i leiingen., men
arbeidsoppgåver som;
strategisk planarbeid, pedagogisk utviklingsarbeid og arbeid med elevane sitt læringsmiljø, samt administrativ
tilrettelegging av skulen si daglige drift vil vera ein del av oppgåvene.
20% av stillingen er tillagt undervisning.

Kvalifikasjonskrav
Søkjaren bør ha formell pedagogisk kompetanse, samt at det er ei føremon med erfaring med norskopplæring og
spesialundervisning for vaksne.

Personlege eigenskapar
Personlige eigenskapar vil verte vektlagde og me søker etter ein person som er:
Tydelig, målretta og utviklingsorientert.
Ha evna til å skapa tillit, syna engasjement og fremma til eitt godt samarbeid og sjå løysingar.
Gode relasjon- og kommunikasjonsferdigheitar
Ha evna til å ta verdiar som respekt, åpenheit og profesjonalitet i bruk i det daglige arbeidet
Ha godt humør og vera oppteken av å bidra til å skapa eitt godt arbeidsmiljø

Løn og tilsettingsvilkår
Stillinga er løna avtaleverket utifrå utdanning og praksis.
2 % vert trekt til tariffesta tenestepensjon.
Det er 6 månader prøvetid for nytilsette i Årdal kommune.

Me tilbyr
Godt arbeidsmiljø med engasjerte medarbeidarar.

Søknadsprosedyre
Gå til ledige stillingar i høgre meny.
Der får du lista opp stillingar som er lyst ut. Klikk på den stillingen du vil søkje på, vel "søk stilling" i høgre bilete. Logg
deg på med brukarnamn og passord.

Dersom du allereie er tilsett i kommunen eller har vore søkjar før så bruk tildelt brukarnamn/passord eller bruk "gløymt
passord". Er du ny søkjar så må du registrere deg.

Følg instruksjon og trykk neste for å komme vidare.
NB! Det er kun endringar i CV som vert lagra dersom du loggar deg ut før du har sendt søknaden.

Alle søknader på ledige stillingar i Årdal kommune skal registrerast elektronisk. Dersom du treng hjelp til innlegging, ta
kontakt med Personalavdelinga på tlf. 57 66 50 61.

Etter at søknadsfristen er ute, vil du motta ei stadfesting på at søknaden er motteken.
Årdal  kommune praktiserer meiroffentlegheit. Opplysning om søkjar kan bli offentleggjort sjølv om søkjar har oppmoda
om det motsette. Søkjar vil da bli kontakta i framkant. Jfr. Off.lova § 25.

Søknadsfrist 06.06.2016.

Kontaktperson
Veronika Helen Øyre, veronica.oyre@ardal.kommune.no

Tips ein ven Skriv ut