A A A
Kontrastverktøy Kontrastverktøy

Ledig stillingar: 2 x 100% stillingar som fastlege

Søknadsfrist: 6. mai 2019

Ledig stilling

Årdal kommune kan tilby fastlønsstilling som alternativ til næringsdrift.
Oppstartsdato etter avtale.

Stillingane er knytt til Årdal legekontor som i dag har 7 fastlegeheimlar og tilknytt LIS1 kandidat.

2 fastlegar er fastløna medan dei andre driv privatpraksis. Alle er lokalisert ved Årdal legekontor. Legekontoret er godt bemanna med 2 bioingeniør, 2 helsesekretærar og 3 sjukepleiarar.

Legekontoret nyttar pasientjournalsystemet CGM, WinMed3.

  • Listetak er for tida 930 for heimlane. Dette kan endrast etter avtale.
  • Det er knytta allmennmedisinske offentlege oppgåver til begge heimlane.
  • Deltaking i 7-delt daglegevakt på kontoret i Årdal.
  • Deltaking i interkommunalt 12-delt tilstedelegevakt for kommunana Årdal, Lærdal og Aurland. Samlokalisert med legevaktsentral og KAD på Lærdal sjukehus.

Kvalifikasjonskrav

  • Er offentleg godkjent lege med norsk autorisasjon
  • Har gjennomført norsk turnusteneste
  • Har gode norskkunnskapar både munnleg og skriftleg
  • Har førarkort for bil
  • Kvinner vert særleg oppmoda om å søkje

Me tilbyr

  • Ein gjensidig forpliktande utdanningsplan mot spesialisering i Allmennmedisin.
  • Hjelp til å skaffe bustad, arbeid til samboar/ektefelle, og ved behov barnehageplass til småbarn utafor opptaksperioder
  • Avtalepraksis eller fastlønna stilling etter ynskje/avtale.

Lønn og tilsettingsvilkår
Løn etter avtale ved tilsetjing i fastløna stilling.
2 % vert trekt til tariffesta tenestepensjon.

Søknadsprosedyre
Gå til ledige stillingar nede til venstre på Årdal kommune si heimeside www.ardal.kommune.no
Der får du lista opp stillingar som er lyst ut. Klikk på den stillingen du vil søkje på, vel "søk stilling" i høgre bilete. Logg deg på med brukarnamn og passord.

Dersom du allereie er tilsett i kommunen eller har vore søkjar før så bruk tildelt brukarnamn/passord eller bruk "gløymt passord". Er du ny søkjar så må du registrere deg.

Følg instruksjon og trykk neste for å komme vidare.
NB! Det er kun endringar i CV som vert lagra dersom du loggar deg ut før du har sendt søknaden.

Alle søknader på ledige stillingar i Årdal kommune skal registrerast elektronisk. Dersom du treng hjelp til innlegging, ta kontakt med Personalavdelinga på tlf. 57 66 50 00.

Etter at søknadsfristen er ute, vil du motta ei stadfesting på at søknaden er motteken.
Årdal kommune praktiserer meiroffentlegheit. Opplysning om søkjar kan bli offentleggjort sjølv om søkjar har oppmoda om det motsette. Søkjar vil da bli kontakta i framkant. Jfr. Off.lova § 25.

Kontaktperson
Taryn Seta Malkhassian, Tenesteleiar Helse, mobil: 405 26 260, taryn.Malkhassian@ardal.kommune.no
Frode Myklebust, Kommuneoverlege, mobil: 915 17 550, frode.myklebust@laerdal.kommune.no

Tips ein ven Skriv ut