A A A
Kontrastverktøy Kontrastverktøy

Ledig stilling: Styrar i Haugane barnehage

Søknadsfrist: 10.02.20

Ledig stilling
Me har ledig
100% stilling som styrar i Haugane barnehage.
 
Haugane barnehage er ein kommunal barnehage i Øvre Årdal med inntil 48 plassar. Barnehagen har funksjonelle, arkitektteikna lokale. Personalet har vore stabilt over mange år. 

Styrar har ansvar for den daglege drifta av barnehagen, personalleiling, administrasjon, økonomi, overordna pedagogisk og fagleg ansvar. Styrar skal leie og vidareutvikle barnehagen som ein pedagogisk og lærande organisasjon i tråd med barnehagelova, rammeplan og andre overordna vedtak. Styrar må kunne bidra på avdelingane 
ved behov.

Me søkjer ein positiv, engasjert og relasjonsorientert styrar som er målretta og kvalitetsbevisst. Saman med dei andre 
tilsette skal styrar skape ein barnehagekvardag prega av god omsorg og trygt miljø, der barna ut frå eigne føresetnader 
og behov kan utfalde seg, etablere gode relasjoner og oppleve glede, meistring og utvikling.  
 
Kvalifikasjonskrav
Utdanning som barnehagelærer, eller anna høgskuleutdanning som gjev barnefaglig og pedagogisk kompetanse, jamfør barnehageloven § 17.
Erfaring frå arbeid i barnehage er ei føremon.
Du må kunne  legga fram godkjent politiattest etter barnehagelovea §19 fyrste ledd før du tek til  i stillingen.
 
Løn og tilsettingsvilkår
Løn etter avtale. Offentleg tenestepensjon og forsikringsordning.
Det er 6 månader prøvetid for nytilsette i Årdal kommune.
 
Søknadsprosedyre
Gå til ledige stillingar nede til venstre på Årdal kommune si heimeside www.ardal.kommune.no 
Der får du lista opp stillingar som er lyst ut. Klikk på den stillingen du vil søkje på, vel "søk stilling" i høgre bilete. Logg deg på med brukarnamn og passord.
 
Dersom du allereie er tilsett i kommunen eller har vore søkjar før så bruk tildelt brukarnamn/passord eller bruk "gløymt passord". Er du ny søkjar så må du registrere deg.
 
Følg instruksjon og trykk neste for å komme vidare.
NB! Det er kun endringar i CV som vert lagra dersom du loggar deg ut før du har sendt søknaden.
 
Alle søknader på ledige stillingar i Årdal kommune skal registrerast elektronisk. Dersom du treng hjelp til innlegging, ta kontakt med Personalavdelinga på tlf. 57 66 50 00.
 
Etter at søknadsfristen er ute, vil du motta ei stadfesting på at søknaden er motteken.
Årdal  kommune praktiserer meiroffentlegheit. Opplysning om søkjar kan bli offentleggjort sjølv om søkjar har oppmoda om det motsette. Søkjar vil da bli kontakta i framkant. Jfr. Off.lova § 25.
 
Kontaktperson
Stig Stark-Johansen, Rådmann, tlf: 92414887, stig.stark-johansen@ardal.kommune.no