A A A
Kontrastverktøy Kontrastverktøy

Ledig stilling som driftsoperatør/sjåfør i tekniske tenester

Ledig stilling

100% stilling som sjåfør/fagarbeidar i tekniske tenester. Søknadsfrist 11.07.2016.

Arbeidsoppgåver
Tekniske tenester har ansvar for mellom anna:
drift og vedlikehold av kommunale vegar, leikeplassar, kyrkjegardar, vassforsyning, avlaup og renovasjon.
Arbeidsoppgåvene for denne stillingen er tenkt i hovudsak på drift og vedlikehold av forbrenningsanlegget,
avfallsinnsamling og verkstadarbeid.

Kvalifikasjonskrav
Erfaring/kunnskap frå drift av prosessanlegg og/eller reperasjonar,  vedlikehold av teknisk utstyr vil bli særlig vektlagt
ved tilsetting.
Det er ei føremon med førarkort i klasse C, dersom den som vert tilsett ikkje har det må ein vera villig til å ta det.

Personlege eigenskapar
Personlige eigenskapar som:
evne til å arbeide sjølvstendig, men og saman med andre.
At ein er serviceinnstilt og allsidig vil verta vektlagt ved tilsetjing.

Løn og tilsettingsvilkår
Stillinga er løna etter stillingskode 7517 fagarbeidar eller 7542 som spesialarbeidar.
I stillingskode 7517 er løna frå  kr.  332.700,-  til kr.  392.100,- og i
stillingskode 7542 er løna frå kr. 282.000,- til kr. 384 700,- rekna utifrå ansiennitet.
2 % vert trekt til tariffesta tenestepensjon.
Det er 6 månader prøvetid for nytilsette i Årdal kommune.

Søknadsprosedyre
Gå til ledige stillingar i høgre meny på Årdal kommune.
Der får du lista opp stillingar som er lyst ut. Klikk på den stillingen du vil søkje på, vel "søk stilling" i høgre bilete. Logg
deg på med brukarnamn og passord.

Dersom du allereie er tilsett i kommunen eller har vore søkjar før så bruk tildelt brukarnamn/passord eller bruk "gløymt
passord". Er du ny søkjar så må du registrere deg.

Følg instruksjon og trykk neste for å komme vidare.
NB! Det er kun endringar i CV som vert lagra dersom du loggar deg ut før du har sendt søknaden.

Alle søknader på ledige stillingar i Årdal kommune skal registrerast elektronisk. Dersom du treng hjelp til innlegging, ta
kontakt med Personalavdelinga på tlf. 57 66 50 00.

Etter at søknadsfristen er ute, vil du motta ei stadfesting på at søknaden er motteken.
Årdal  kommune praktiserer meiroffentlegheit. Opplysning om søkjar kan bli offentleggjort sjølv om søkjar har oppmoda
om det motsette. Søkjar vil da bli kontakta i framkant. Jfr. Off.lova § 25.


Søknadsfrist 11.07.2016.  

Kontaktperson
Arne Johannes Kjos,  Overingeniør, mobil: 95074351, arne.kjos@ardal.kommune.no

 

Tips ein ven Skriv ut