A A A
Kontrastverktøy Kontrastverktøy

Ledig stilling - Sjukepleiarar

Søknadsfrist 11. september 2017.

Me har ledig
Seimsdal sjukeheim:
1 x 100% fast stilling frå snarast

Heimesjukepl. Årdalstangen/Årdal sjukeheim 1. etg.:
1 x 100% vikariat frå snarast til ca. 1.sept. 2018

Den som vert tilsett må kombinere å vere ute i heimesjukepleien og inne på avdelinga der det er 12 langtidspasientar.
Avdelinga driftar også dagsenter for heimebuande demente.

Heimesjukepleien Øvre:
1 x 100% vikariat frå snarast til ca. 01.05.18.

Det er turnusarbeid med til ei kvar tid gjeldande turnus, for tida 3 av 8 helgar.
Sjukeheimane har bakvakt for kvarandre, må difor ha førarkort.

Kvalifikasjonskrav
Autorisasjon som sjukepleiar.

Personlege eigenskapar
Søkjar må ha gode mellommenneskelege eigenskapar, og gode faglege kunnskapar. Du må vere systematisk og like å arbeide i eit travelt miljø.

Løn og tilsettingsvilkår
Stillinga er løna etter stillingskode 7174 med for tida lønsplassering frå kr.376.200,- til kr.456.500,- pr. år i 100%.
Tillegg for arbeid på kveld, natt og helg.
2 % vert trekt til tariffesta tenestepensjon.
Det er 6 månader prøvetid for nytilsette i Årdal kommune.
Må kunne beherske norsk både munnleg og skriftleg.
Må ha førarkort, og kunne køyre bil alle årstider.

Søknadsprosedyre
Gå til ledige stillingar nede til venstre på Årdal kommune si heimeside.
Der får du lista opp stillingar som er lyst ut. Klikk på den stillingen du vil søkje på, vel "søk stilling" i høgre bilete. Logg deg på med brukarnamn og passord.
Etter at søknadsfristen er ute, vil du motta ei stadfesting på at søknaden er motteken.

Årdal kommune praktiserer meiroffentlegheit. Opplysning om søkjar kan bli offentleggjort sjølv om søkjar har oppmoda om det motsette. Søkjar vil da bli kontakta i framkant. Jfr. Off.lova § 25.

Kontaktperson
Hilda Nese, Leiar for institusjonar, tlf: 94815663, mobil: 94815663, hne@ardal.kommune.no

Tips ein ven Skriv ut