A A A
Kontrastverktøy Kontrastverktøy

Ledig stilling - Miljøarbeidar Bu- og miljøtenesta

Søknadsfrist 16. oktober 2017

Me har ledig
Ny avlastningsbustad til barn med nedsett funksjonsevne frå 1.11.17:

1 x 96,5% fast stilling som miljøterapeut
1 x 76% fast stilling som miljøarbeidar

Det er turnusarbeid med til ei kvar tid gjeldande turnus. I avlastningstiltaket er det for tida turnus med lange vakter i kombinasjon med medleverturnus, med vakter på inntil 65 timar. Turnus, arbeidsstad og oppgåver kan verta endra.

Arbeidsoppgåver
I avlastningsbustaden skal teamet arbeide rundt eit barn med behov for tenester. Arbeidsoppgåvene er å gje omsorg i det daglege, grensesetje og aktivisere barnet når det er i avlastning. I høve barnet sin alder er det viktig at dei som vert tilsett er stabile vaksne som kan yte god omsorg.

Kvalifikasjonskrav
Miljøterapeut: 3-årig helse- og sosialfagleg utdanning (fortrinnsvis vernepleiar), 3-årig pedagogisk utdanning (fortrinnsvis barnehagelærar).
Miljøarbeidar: Fagbrev som helsefagarbeidar eller barne- og ungdomsarbeidar.
Dersom det ikkje er søkjarar med rett kvalifikasjon, kan andre med relevant utdanning og erfaring bli vurdert til stillingane. Det vert lagt stor vekt på personlege eigenskapar.
Menn vert oppmoda om å søkja.

Personlege eigenskapar
Til teamet søkjer me personar som:

- er gode omsorgspersonar.
- likar å vere ute og vere i fysisk aktivitet.
- er positive og fleksible.
- har gode evner til kommunikasjon.
- har empati og forståing for barn med nedsett funksjonsevne.
- har erfaring frå arbeid med barn.
- har gode evner til å følgje instruksar, prosedyrar og dokumentere desse.
- har evne og vilje til tett samarbeid med pårørande.
- kan motta rettleiing.

Løn og tilsettingsvilkår
Løn etter HTA.
2 % vert trekt til tariffesta tenestepensjon.
Det er 6 månader prøvetid for nytilsette i Årdal kommune.
Må kunne beherske norsk både munnleg og skriftleg.
Den som vert tilsett må leggje fram politiattest.
Må ha førarkort for bil.

Andre opplysningar
I avlastningstiltaket er det turnus med lange vakter i kombinasjon med medleverturnus. I dette tilfellet er medleverturnusen lagt opp til vakter på inntil 65 timar.

Søknadsprosedyre
Alle søknader på ledige stillingar i Årdal kommune skal registrerast elektronisk. Dersom du treng hjelp til innlegging, ta kontakt med Personalavdelinga på tlf. 57 66 50 00.
Etter at søknadsfristen er ute, vil du motta ei stadfesting på at søknaden er motteken.
Årdal kommune praktiserer meiroffentlegheit. Opplysning om søkjar kan bli offentleggjort sjølv om søkjar har oppmoda om det motsette. Søkjar vil da bli kontakta i framkant. Jfr. Off.lova § 25.

Kontaktperson
Helen Koldal, Ass. kommunalsjef, mobil: 99018531, helen.koldal@ardal.kommune.no
Ann Kristin Midtun, Avdelingsleiar, mobil: 94169250, ann.kristin.midtun@ardal.kommune.no

Tips ein ven Skriv ut