A A A
Kontrastverktøy Kontrastverktøy

Ledig stilling: Lærar i musikk og kulturskulen

Søknadsfrist: 13.05.19

Ledig stilling

Me har ledig
50% stilling som lærar i musikk- og kulturskulen.

Arbeidsoppgåver
Hovudvekt på undervisning av elevar frå 8-18 år i song, evt også musikkteater/drama og låtskriving (sing- and songwriter)
- Undervisning av elevar individuelt og i grupper
- Deltaking på konsertar, speleoppdrag, skuleprosjekt og seminar
- Koordinering av læringsmål saman med kollegaer i kulturskulen og i grunnskulen
- Ulike samarbeidskonstellasjonar med kollegaer i til dømes lærarband og team

Kvalifikasjonskrav
- Relevant utdanning frå høgskule eller universitet,men relevant erfaring kan erstatte formell kompetanse
- Det er ein fordel med erfaring som musikklærar på alle nivå både i grunnskule og i kulturskule
- Relevant musikalsk og pedagogisk erfaring i arbeid med barn og unge
- Læraren må kunne tilpasse musikk til ulike grupper og bandkonstellasjonar, og det er ein fordel å kunne tilpasse arrangement slik at alle elevar har utfordringer tilpassa sitt nivå
- Læraren bør kunne akkompagnere eigne elevar
- Gode språkferdigheiter både skriftleg og munnleg
- Dersom du har eit anna morsmål enn norsk, må du dokumentere at du har eit språknivå tilsvarende B1. Gjeld ikkje søkarar med eit skandinavisk språk som morsmål

Personlege eigenskapar
- Gode kommunikasjons- og samarbeidsevner med både vaksne og barn
- Sjølvstendig, fleksibel og løysingsorientert
- Evne til å inspirere og begeistre
- Ønskje om og glede av å arbeide med barn og unge
- Kreativ og initiativrik

Løn og tilsettingsvilkår
Løn etter utdanning og praksis i henhold til HTA
2 % vert trekt til tariffesta tenestepensjon.
Det er 6 månader prøvetid for nytilsette i Årdal kommune.

Me tilbyr
Eit spennande, variert og utfordrande arbeid med eit mangfald av elevar i ulik alder.

Eit godt kollegium i musikk- og kulturskulen og deltaking i tverrfaglege prosjekt.
Stillinga omfattar arbeid på dagtid, samt noko på ettermiddag/kveld.

Søknadsprosedyre
Gå til ledige stillingar nede til venstre på Årdal kommune si heimeside www.ardal.kommune.no
Der får du lista opp stillingar som er lyst ut. Klikk på den stillingen du vil søkje på, vel "søk stilling" i høgre bilete. Logg deg på med brukarnamn og passord.

Dersom du allereie er tilsett i kommunen eller har vore søkjar før så bruk tildelt brukarnamn/passord eller bruk "gløymt passord". Er du ny søkjar så må du registrere deg.

Følg instruksjon og trykk neste for å komme vidare.
NB! Det er kun endringar i CV som vert lagra dersom du loggar deg ut før du har sendt søknaden.

Alle søknader på ledige stillingar i Årdal kommune skal registrerast elektronisk. Dersom du treng hjelp til innlegging, ta kontakt med Personalavdelinga på tlf. 57 66 50 00.

Etter at søknadsfristen er ute, vil du motta ei stadfesting på at søknaden er motteken.
Årdal kommune praktiserer meiroffentlegheit. Opplysning om søkjar kan bli offentleggjort sjølv om søkjar har oppmoda om det motsette. Søkjar vil da bli kontakta i framkant. Jfr. Off.lova § 25.

Kontaktperson
Sigyn Øren, Rektor i musikk- og kulturskulen, mobil: 90251937, sigyn.oren@ardal.kommune.no

Tips ein ven Skriv ut