A A A
Kontrastverktøy Kontrastverktøy

Ledig stilling - Kommuneplanleggar

Ledig stilling

Det er ledig stilling som kommuneplanleggar i 100% stilling, frå snarast. Den som vert tilsett vil få eit særskilt ansvar for arbeid med planar etter Plan og bygningslova. I dette ligg ansvar for kommuneplan, regulerings- og utbyggingsplanar, endringar og dispensasjonssøknadar. Handsaming etter naturmangfaldslova, arbeid knytt til miljørelaterte saker og konsekvensutgreiingar i samband med t.d. kraftverksutbyggingar, kulturvern og kulturminne samt samfunns- og tettstadutvikling, ligg og til stillinga. Planleggaren får ei sentral rolle i kommunen si tverrfaglege plangruppe, og vil samarbeide nært med kart og oppmåling, byggsak og tekniske tenester.

Søknadsfrist 26. september 2016.

Kvalifikasjonskrav
Relevant universitets- / høgskuleutdanning
Me ynskjer personar med erfaring frå slikt arbeid, men oppmodar også nyutdanna om å søke.

Personlege eigenskapar
Gode kommunikasjons- og samarbeidsevner.
Fleksibel til å utføre andre arbeidsoppgåver etter avtale.

Løn og tilsetjingsvilkår
Løn etter avtale og kvalifikasjoner.
2 % vert trekt til tariffesta tenestepensjon.
Det er 6 månader prøvetid for nytilsette i Årdal kommune.

Søknadsprosedyre
Gå til ledige stillingar i høgre på heimesida.

Der får du lista opp stillingar som er lyst ut. Klikk på den stillingen du vil søkje på, vel "søk stilling" i høgre bilete. Logg deg på med brukarnamn og passord.

Dersom du allereie er tilsett i kommunen eller har vore søkjar før så bruk tildelt brukarnamn/passord eller bruk "gløymt passord". Er du ny søkjar så må du registrere deg.

Følg instruksjon og trykk neste for å komme vidare.
NB! Det er kun endringar i CV som vert lagra dersom du loggar deg ut før du har sendt søknaden.

Alle søknader på ledige stillingar i Årdal kommune skal registrerast elektronisk. Dersom du treng hjelp til innlegging, ta kontakt med Personalavdelinga på tlf. 57 66 50 00.

Etter at søknadsfristen er ute, vil du motta ei stadfesting på at søknaden er motteken.
Årdal kommune praktiserer meiroffentlegheit. Opplysning om søkjar kan bli offentleggjort sjølv om søkjar har oppmoda om det motsette. Søkjar vil da bli kontakta i framkant. Jfr. Off.lova § 25.

Tips ein ven Skriv ut