A A A
Kontrastverktøy Kontrastverktøy

Ledig stilling: Kommunalsjef Helse og omsorg

Søknadsfrist: 26. april

Ledig stilling

Er du ein strategisk og samlande toppleiar som vil være med å styrke og vidareutvikle Årdal kommune saman med dyktige og engasjerte medarbeidarar?
Me søkjer etter ein handlekraftig og tillitsbyggjande toppleiar som skal leia helse- og omsorgssektoren.
Kommunalsjefen har eit heilskapleg leiaransvar, med økonomiansvar, personalansvar, fagansvar og utviklingsansvar.
Kommunalsjefen inngår i rådmannen si leiargruppe.

Ansvarsområde
Det er nyleg gjennomført ei organisasjonsendring i Helse og omsorgstenesta. Kommunalsjefen vil få ansvar for 4 store tenesteområde; Bu og miljøtenesta, Heimetenester/institusjon, Helse, familie og velferd, Nav kommunal. Dei 4 tenesteområda har kvar sin tenesteleiar som under seg har avdelingsleiarar knytt til dei ulike einingane. Det er i tillegg etablert eit tildelingskontor som skal sikre heilskapleg og godt koordinerte tenester, samt likebehandling for like behov. Det er tilsaman 280 tilsette i heile området, fordelt på 220 årsverk. Den som vert tilsett vil få ansvar for styring av eit budsjett på190 mill.

Kvalifikasjonskrav
Me ynskjer ein kommunalsjef med høgare helse- og sosialfagleg, økonomisk/juridisk, administrativ eller samfunnsfagleg utdanning.
Du bør har erfaring frå eit eller fleire av tenesteområda sine faglege arbeidsfelt.
Kjennskap til kommunal verksemd er ei føremon.
Du må også ha leiarerfaring og kunnskap om budsjett og økonomistyring.

Personlege eigenskapar
Arbeidsgjevarpolitikken til Årdal kommune set tydlege føringar for leiarrolla.

Me ynskjer ein kommunalsjef som jobbar strukturert og målretta, er god på relasjonsbygging, har evne til å skape tillit og eit godt omdømme både innad og utad.
For å lukkast i rolla er det viktig av du er utviklings- og løysingsorientert i di tilnærming til andre og har ei tydeleg åtferd.
God kommunikasjonsevne, både munnleg og skriftleg.

Løn og tilsetjingsvilkår
Løn etter avtale. Offentleg tenestepensjon og forsikringsordning.
Det er 6 månader prøvetid for nytilsette i Årdal kommune.
Tiltredning etter nærare avtale.

Søknadsprosedyre
Gå til ledige stillingar på Årdal kommune si heimeside www.ardal.kommune.no
Der får du lista opp stillingar som er lyst ut. Klikk på den stillingen du vil søkje på, vel "søk stilling" i høgre bilete. Logg deg på med brukarnamn og passord.

Alle søknader på ledige stillingar i Årdal kommune skal registrerast elektronisk. Dersom du treng hjelp til innlegging, ta kontakt med Personalstaben på tlf. 57 66 50 00.

Etter at søknadsfristen er ute, vil du motta ei stadfesting på at søknaden er motteken.
Årdal kommune praktiserer meiroffentlegheit. Opplysning om søkjar kan bli offentleggjort sjølv om søkjar har oppmoda om det motsette. Søkjar vil da bli kontakta i framkant. Jfr. Off.lova § 25.

Kontaktperson
Olve Fossedal, mobil: 99102850, olve.fossedal@ardal.kommune.no

Tips ein ven Skriv ut