A A A
Kontrastverktøy Kontrastverktøy

Ledig stilling: Helsesekretær, 90% fast

Søknadsfrist 14.01.19

Ledig stilling
Me har ledig
Helsesekretær i 90% faststilling ledig frå 01.02.2019

Vi ynskjer å tilsette ein helsesekretær ved Legekontoret i Øvre Årdal. Vi treng ein i ei 90% stilling då ein av vore
helsesekretærar har nådd pensjonsalder.

Stillinga inneber mykje pasientkontakt i resepsjon, pr. telefon og i laboratorium. Det er difor viktig med gode
norskkunnskapar, og personlege eigenskapar vert vektlagd. Det er ynskjeleg at søkar har helsesekretær utdanning
med relevant praksis. I tillegg krevas gode evner til kommunikasjon med pasientar.

Arbeidsoppgåver
- Ekspedisjon og telefon med timebestilling, resept fornying m.m.
- Laboratoriearbeid; prøvetaking og analysering.

Kvalifikasjonskrav
- Autorisert helsesekretær
- Beherske norsk flytande, munnleg og skriftleg
- Fordel med praksis frå legekontor

Personlege eigenskapar
- Positiv og serviceinnstilt haldning
- Stor arbeidskapasitet og trives på ein arbeidsplass med tidvis høgt aktivitet
- Evne til å kommunisere godt med pasienter og andre instanser
- Du vil være med på å utvikle legesenteret og bidra til ein god fastlegeteneste for innbyggarar

Lønn og tilsettingsvilkår
Stillinga er løna etter stillingskode 7199 med fortida lønsplassering frå kr. 338.800 til kr. 409.200.
2 % vert trekt til tariffesta tenestepensjon.
Det er 6 månader prøvetid for nytilsette i Årdal kommune.

Me tilbyr
Øvre Årdal legekontor har 7 fastlegar og 1 turnuslege (LIS1), 1 bioingeniør, 3 helsesekretærar og 3 sjukepleiarar.
Legekontoret nyttar pasientjournalsystemet CGM, WinMed3. Det er eit travelt kontor med god pågang. Vi kan tilby god
opplæring, eit godt arbeidsmiljø med godt samarbeid og varierte arbeidsoppgåver.
Årdal kommune er ein inkluderende arbeidsliv-bedrift (IA).

Søknadsprosedyre
Gå til ledige stillingar nede til venstre på Årdal kommune si heimeside www.ardal.kommune.no
Der får du lista opp stillingar som er lyst ut. Klikk på den stillingen du vil søkje på, vel "søk stilling" i høgre bilete. Logg deg på med brukarnamn og passord.
 
Dersom du allereie er tilsett i kommunen eller har vore søkjar før så bruk tildelt brukarnamn/passord eller bruk "gløymt passord". Er du ny søkjar så må du registrere deg.

Følg instruksjon og trykk neste for å komme vidare.
NB! Det er kun endringar i CV som vert lagra dersom du loggar deg ut før du har sendt søknaden.

Alle søknader på ledige stillingar i Årdal kommune skal registrerast elektronisk. Dersom du treng hjelp til innlegging, ta kontakt med Personalavdelinga på tlf. 57 66 50 00.

Etter at søknadsfristen er ute, vil du motta ei stadfesting på at søknaden er motteken.

Årdal  kommune praktiserer meiroffentlegheit. Opplysning om søkjar kan bli offentleggjort sjølv om søkjar har oppmodaom det motsette. Søkjar vil da bli kontakta i framkant. Jfr. Off.lova § 25.

Søknadsfrist 14.01.2019
 
Kontaktperson
Taryn Seta Malkhassian, Tenesteleiar Helse, taryn.Malkhassian@ardal.kommune.no
Marit Indrebø, Leiar legekontor, min@ardal.kommune.no
Tips ein ven Skriv ut