A A A
Kontrastverktøy Kontrastverktøy

Ledig stilling - Helsefagarbeidar/hjelpepleiar/omsorgsarbeidar i eldreomsorg

Søknadsfrist 11. september 2017

Me har ledig
Heimesjukepleien Årdalstangen/Årdal sjukeheim 1.etg:
1 x 45% fast frå snarast
Her kombinerer ein mellom å jobbe ute i heimesjukepleien og inne på avdelinga på sjukeheimen.

Heimesjukepleien Øvre:
1 x 52,12% fast frå snarast
1 x 52,12% vikariat frå snarast t.o.m. september 2018, med moglegheit for lenging
1 x 30% vikariat frå snarast tom 31.12.17, med moglegheit for lenging

I alle stillingane er det turnusarbeid med til ei kvar tid gjeldande turnus,ein må ha førarkort og kunne køyre i allslags vær/ føreforhold.

Kvalifikasjonskrav
Autorisasjon som helsefagarbeidar/hjelpepleiar/omsorgsarbeidar.

Personlege eigenskapar
Den som vert tilsett må like variasjon i arbeidet, og kunne arbeide godt sjølvstendig og i saman med andre.
Vere fleksibel og systematisk.

Løn og tilsettingsvilkår
Stillinga er løna etter stillingskode 7076 / 7517 med for tida lønsplassering frå kr. 333.300,- til kr. 401.200,- pr. år i 100%.
Tillegg for arbeid på kveld, natt og helg.
2 % vert trekt til tariffesta tenestepensjon.
Det er 6 månader prøvetid for nytilsette i Årdal kommune.
Må kunne beherske norsk både munnleg og skriftleg.

Søknadsprosedyre
Gå til ledige stillingar nede til venstre på Årdal kommune si heimeside.
Der får du lista opp stillingar som er lyst ut. Klikk på den stillingen du vil søkje på, vel "søk stilling" i høgre bilete. Logg deg på med brukarnamn og passord.
Etter at søknadsfristen er ute, vil du motta ei stadfesting på at søknaden er motteken.

Årdal kommune praktiserer meiroffentlegheit. Opplysning om søkjar kan bli offentleggjort sjølv om søkjar har oppmoda om det motsette. Søkjar vil da bli kontakta i framkant. Jfr. Off.lova § 25.

Kontaktperson

Hilda Nese, Leiar for institusjonar, tlf: 94815663, mobil: 94815663, hne@ardal.kommune.no

Tips ein ven Skriv ut