A A A
Kontrastverktøy Kontrastverktøy

Ledig stilling - Fysioterapeut, 100% vikariat

Ledig stilling

100 % stilling som vikar for fysioterapeut er ledig frå 03.04.2017 og ca 1 år. Kontorstad i f.t. Øvre Årdal.
Fysioterapitenesta i Årdal kommune består av 2 kommunalt tilsette fysioterapeutar samt turnus og 4
privatpraktiserande med driftstilskot.

Søknadsfrist er 6. februar 2017.

 

 Arbeidsoppgåver
Til den ledige stillinga ligg hovudansvar for fysioterapi til born og unge samt drift av Frisklivssentralen. 
Fysioterapeuten deltek også i ansvarsgrupper, har koordinatoransvar, gruppeaktivitetar og rettleing av
turnusfysioterapeut. Fysioterapeuten har eit nært samarbeid med helsestasjonen, og deltek elles i anna tverrfaglig
samarbeid i kommunen.

Kvalifikasjonskrav
Me søkjer autorisert fysioterapeut med særleg interesse for arbeid med born og unge og førebyggande/helsefremjande arbeid.
Erfaring frå arbeid med barn og unge, kjennskap til motiverande intervju og personlege
eigenskapar vil bli vektlagt.
Søkjar må beherske norsk både munnleg og skriftleg.

Personlege eigenskapar
Me søkjer etter ein person med gode samarbeids-og kommunikasjonsevner, som er fleksibel, har evne til sjølvstendig
arbeid og som er oppteken av å yte tenester av høg kvalitet.

Lønn og tilsettingsvilkår
Løn etter avtale/HTA
2 % vert trekt til tariffesta tenestepensjon.
Det er 6 månader prøvetid for nytilsette i Årdal kommune.
Politiattest vil bli krevd.

Andre opplysningar
Søkjaren må disponere eigen bil.
Alle søknader på ledige stillingar i Årdal kommune skal registrerast elektronisk. Dersom du treng hjelp til innlegging, ta
kontakt med Personalavdelinga på tlf. 57 66 50 00.
Etter at søknadsfristen er ute, vil du motta ei stadfesting på at søknaden er motteken.
Årdal  kommune praktiserer meiroffentlegheit. Opplysning om søkjar kan bli offentleggjort sjølv om søkjar har oppmoda
om det motsette. Søkjar vil da bli kontakta i framkant. Jfr. Off.lova § 25.

Utlyst dato        20.01.2017                          

Kontaktperson
Heidi Kristin Skeie, Ergoterapeut/avd.leiar, mobil: 99366881, heidi.skeie@ardal.kommune.no

Tips ein ven Skriv ut