A A A
Kontrastverktøy Kontrastverktøy

Ledig stilling - Fastlege, 100% vikariat

Ledig stilling

Då ein av fastlegane i Årdal kommune skal ha permisjon for å gjennomføre eit år som LIS, har me frå snarast ledig vikariat for fastlege med ei listelengde på for tida 1100. Som følgje av at kommunen har nyoppretta heimlar for kommuneoverlege og fastlege, vil listelengda etter tilsetjing av desse vere om lag 750.

Søknadsfrist 23.01.2017

Kvalifikasjonskrav
Me søkjer ein person som:

1. Er offentleg godkjent lege med norsk autorisasjon.
2. Har gjennomført norsk turnusteneste.
3. Kan ha sjølvstendig legevakt utan bakvakt med utrykningsplikt.
4. Har gode norskkunnskapar både munnleg og skriftleg.
5. Har erfaring frå, og interesse for, arbeid i kommunehelsetenesta.
6. Det er ønskjeleg med spesialisering i allmennmedisin, men ikkje eit krav.
7. Har førarkort for bil.
8. Er samarbeidsorientert og fleksibel, personlege eigenskapar vil verte vektlagt.
9. Kvinner vert særleg oppmoda om å søkje.

Lønn og tilsettingsvilkår
Løn etter avtale.
2 % vert trekt til tariffesta tenestepensjon.
Det er 6 månader prøvetid for nytilsette i Årdal kommune.
Må kunne beherske norsk både munnleg og skriftleg.

Me tilbyr
1. Arbeidsfellesskap med erfarne kollegaer og hjelpepersonell i nyombygde, godt tilrettelagde kommunale lokale.
2. Deltaking i forskningsprosjektet "Recruit and retain" i regi av Universitetet i Tromsø.
3. 13-delt legevakt i interkommunalt samarbeid på kveld, natt og helg i Sogn LMS, Lærdal sjukehus.
4. Hjelp til å skaffe bustad.
5. Offentleg helsearbeid kan verte aktuelt i inntil 7,5 timar/ veke.
6. Gode oppvekstvilkår for born.
7. Korte avstandar til store naturopplevingar og eit rikt kulturliv.

Utlyst dato 06.01.2017                         

Kontaktperson
Rigmor Svanberg, Kommunalsjef, mobil: 94824046, rigmor.svanberg@ardal.kommune.no
Bjarte Hove, Lege, mobil: 41541425, bjarte.hove@ardal.kommune.no

Tips ein ven Skriv ut