A A A
Kontrastverktøy Kontrastverktøy

Ledig stilling: Byggsakshandsamar

søknadsfrist: 27.01.2020

Ledig stilling

Me har ledig
100% stilling som byggesakshandsamar

Arbeidsoppgåver
Fagansvar for byggesakshandsaming, sakshandsaming/vedtak av enkeltsaker og førebuing av saker til politisk handsaming
Tilsynsoppgåver etter plan og bygningslova
Ajourhald av matrikkel
Ajourhald på endringar i grunnlaget for eigedomsskatt
Rådgiving og publikumskontakt
Handsaming av bygge- og delesaker
Utslepp og utsleppstillatelse
Prosjektarbeid etter avtale, inkl utarbeiding av prosjektmandat


Kvalifikasjonskrav
Me ønskjer oss ein person som har:
Relevant høgskuleutdanning
God skriftleg og munnleg framstillingsevne
Gjerne erfaring innanfor fagområdet
Evne til å arbeide sjølvstendig og systematisk


Personlege eigenskapar
Gode kommunikasjons- og samarbeidsevner.
Fleksibel til å utføre andre arbeidsoppgåver etter avtale.


Løn og tilsettingsvilkår
Løn etter avtale utifrå kvalifikasjonar.
Offentleg tenestepensjon og forsikringsordning.
Det er 6 månader prøvetid for nytilsette i Årdal kommune.


Søknadsprosedyre
Gå til ledige stillingar nede til venstre på Årdal kommune si heimeside www.ardal.kommune.no
Der får du lista opp stillingar som er lyst ut. Klikk på den stillingen du vil søkje på, vel "søk stilling" i høgre bilete. Logg deg på med brukarnamn og passord.

Dersom du allereie er tilsett i kommunen eller har vore søkjar før så bruk tildelt brukarnamn/passord eller bruk "gløymt passord". Er du ny søkjar så må du registrere deg.

Følg instruksjon og trykk neste for å komme vidare.
NB! Det er kun endringar i CV som vert lagra dersom du loggar deg ut før du har sendt søknaden.

Alle søknader på ledige stillingar i Årdal kommune skal registrerast elektronisk. Dersom du treng hjelp til innlegging, ta kontakt med Personalavdelinga på tlf. 57 66 50 00.

Etter at søknadsfristen er ute, vil du motta ei stadfesting på at søknaden er motteken.
Årdal kommune praktiserer meiroffentlegheit. Opplysning om søkjar kan bli offentleggjort sjølv om søkjar har oppmoda om det motsette. Søkjar vil da bli kontakta i framkant. Jfr. Off.lova § 25.

Kontaktperson
Svein Arve Grindhaug, tlf: 91366629, svein.grindhaug@ardal.kommune.no