A A A
Kontrastverktøy Kontrastverktøy

Ledig stilling: Branninspektør

Søknadsfrist: 23. april 2019

Ledig stilling

Me har ledig
100% stilling som branninspektør i brannvernet i Årdal kommune

Arbeidsoppgåver
Tilsynsarbeid og sakshandsaming i høve brann- og eksplosjonsvernlova.
Arbeidsoppgåver relatert til risikobasert brannførebyggande arbeid og HMS.
Motivasjons- og informasjonsarbeid innan brannvern, kurs og øvingar.
Stillingen er tilknytta vaktordning.

Kvalifikasjonskrav
Me ønskjer oss søkjarar med relevant utdanning innan generell brannfag/beredskap.
Førarkort med kode 160 ( kompetansebevis for utrykningskjøring) er ei føremon.
Søkjar bør tilfredstille forskrift om organisering og dimensjonering av brannvesen § 7-6.
Søkjarar som ikkje fyller desse kvalifikasjonskrava må forplikta seg til å ta eventuell manglande tilleggsutdanning etter tilsetjing.
Anna naudsynt kompetanse for stillinga vil bli pålagt å gjennomføra.
Godkjent politiattest jf.brann- og eksplosjonslova § 18.

Personlege eigenskapar
Me søkjer etter personar som er utadvendt, sjølvstendig, resultatorientert, strukturert og har gode samarbeids- og kommunikasjonsevner.

Løn og tilsettingsvilkår
Stillinga vert løna etter HTA, vurdert utifrå utdanning og praksis
2 % vert trekt til tariffesta tenestepensjon.
Det er 6 månader prøvetid for nytilsette i Årdal kommune.

Me tilbyr
spennande, variert og utfordrande arbeidsoppgåver innanfor eit viktig samfunnsområde.
Gode forsikrings- og pensjonsordningar.

Søknadsprosedyre
Gå til ledige stillingar nede til venstre på Årdal kommune si heimeside www.ardal.kommune.no
Der får du lista opp stillingar som er lyst ut. Klikk på den stillingen du vil søkje på, vel "søk stilling" i høgre bilete. Logg deg på med brukarnamn og passord.

Dersom du allereie er tilsett i kommunen eller har vore søkjar før så bruk tildelt brukarnamn/passord eller bruk "gløymt passord". Er du ny søkjar så må du registrere deg.

Følg instruksjon og trykk neste for å komme vidare.
NB! Det er kun endringar i CV som vert lagra dersom du loggar deg ut før du har sendt søknaden.

Alle søknader på ledige stillingar i Årdal kommune skal registrerast elektronisk. Dersom du treng hjelp til innlegging, ta kontakt med Personalavdelinga på tlf. 57 66 50 00.

Etter at søknadsfristen er ute, vil du motta ei stadfesting på at søknaden er motteken.
Årdal kommune praktiserer meiroffentlegheit. Opplysning om søkjar kan bli offentleggjort sjølv om søkjar har oppmoda om det motsette. Søkjar vil da bli kontakta i framkant. Jfr. Off.lova § 25.

Kontaktperson
Gaute Johnsgaard, Brannsjef, mobil: 90116265, Gaute.Johnsgaard@ardal.kommune.no
Svein Arve Grindhaug, mobil: 91366629, svein.grindhaug@ardal.kommune.no

Tips ein ven Skriv ut