A A A
Kontrastverktøy Kontrastverktøy

Ledig stilling barneverntenesta - 100% miljøterapeut

Ledig stilling

100% fast stilling som miljøterapeut, heimebaserte tiltak ved barneverntenesta, frå snarast. Søknadsfrist 11.07.2016 

Arbeidsoppgåver
Miljøterapeutisk arbeid med born og unge i deira heimemiljø, med fokus på samspel i familien.
Rettleiing til foreldre.
Samarbeid med skule, barnehage og andre relevante instansar.
Generelt barnevernsarbeid etter lov om barneverntenester.

Kvalifikasjonskrav
Me søkjer etter ein medarbeidar med godkjendt utdanning som sosionom, barnevernpedagog
eller vernepleiar.
Det er eit krav om enten vidareutdanning eller erfaring i miljøterapeutisk arbeid med barn og
unge i deira heimemiljø. Kompetanse i ulike rettleiingsmetodikkar som t.d. PMTO, Marthe-
Meo, Dialog, ART vil bli vektlagt.
Evne til å jobbe målretta og systematisk i komplekse livssituasjonar er naudsynt.
Evne til skriftleg framstilling.

Personlege eigenskapar
- like nye utfordringar
- vere sjølvstendig og målretta
- god på samarbeid og fleksibilitet
- arbeide strukturert og systematisk
- vere utadvendt, løysingsorientert og sosial

Lønn og tilsettingsvilkår
Løn etter kvalifikasjonar.
2 % vert trekt til tariffesta tenestepensjon.
Det er 6 månader prøvetid for nytilsette i Årdal kommune.
Det må påreknast noko arbeidstid på ettermiddag/kveld.
Den som vert tilsett må disponere eigen bil og leggja fram godkjend politiattest, jmf. Lov om barnevern § 6-10.
Tilsetjinga skjer på dei vilkår som til ei kvar tid går fram av gjeldande lover, reglar og avtalar.

Me tilbyr
- Intern fagleg rettleiing, høve til kursing og fagleg utvikling.
- Trivelege arbeidsmiljø og utfordrande arbeidsoppgåver.
- Fleksibel arbeidstid.

Søknadsprosedyre
Gå til ledige stillingar i høgre meny på Årdal kommune.
Der får du lista opp stillingar som er lyst ut. Klikk på den stillingen du vil søkje på, vel "søk stilling" i høgre bilete. Logg
deg på med brukarnamn og passord.

Dersom du allereie er tilsett i kommunen eller har vore søkjar før så bruk tildelt brukarnamn/passord eller bruk "gløymt
passord". Er du ny søkjar så må du registrere deg.

Følg instruksjon og trykk neste for å komme vidare.
NB! Det er kun endringar i CV som vert lagra dersom du loggar deg ut før du har sendt søknaden.

Alle søknader på ledige stillingar i Årdal kommune skal registrerast elektronisk. Dersom du treng hjelp til innlegging, ta
kontakt med Personalavdelinga på tlf. 57 66 50 00.

Etter at søknadsfristen er ute, vil du motta ei stadfesting på at søknaden er motteken.
Årdal  kommune praktiserer meiroffentlegheit. Opplysning om søkjar kan bli offentleggjort sjølv om søkjar har oppmoda
om det motsette. Søkjar vil da bli kontakta i framkant. Jfr. Off.lova § 25.

Søknadsfrist    11.07.2016    Utlyst dato    24.06.2016    Vårref    841

Kontaktperson
Olve Fossedal, tlf: 57665010, mobil: 99102850, olve.fossedal@ardal.kommune.no

 

Tips ein ven Skriv ut