A A A
Kontrastverktøy Kontrastverktøy

Ledig fastlegeheimel

Ledig stilling

Årdal kommune har frå snarast ledig nyoppretta fastlegeheimel med ei listelengde på om lag 750 pasientar. Kommunen har for tida fem fastlegeheimlar og turnuslege. Det er tidlegare lyst ut nyoppretta stilling for kommuneoverlege i kombinasjon med fastlege, me håpar å tilsetje i denne stillinga snarast.

Søknadsfrist 23.01.2017

Kvalifikasjonskrav
Me søkjer ein person som:

1. Er offentleg godkjent lege med norsk autorisasjon.
2. Har gjennomført norsk turnusteneste.
3. Kan ha sjølvstendig legevakt utan bakvakt med utrykningsplikt.
4. Har gode norskkunnskapar både munnleg og skriftleg.
5. Har erfaring frå og interesse for arbeid i kommunehelsetenesta.
6. Det er ønskjeleg med spesialisering i allmennmedisin, men ikkje eit krav.
7. Har førarkort for bil.
8. Er samarbeidsorientert og fleksibel, personlege eigenskapar vil verte vektlagt.
9. Kvinner vert særleg oppmoda om å søkje.

Lønn og tilsettingsvilkår
Løn etter avtale.
2 % vert trekt til tariffesta tenestepensjon.
Det er 6 månader prøvetid for nytilsette i Årdal kommune.
Må beherske norsk både munnleg og skriftleg

Me tilbyr
1. Arbeidsfellesskap med erfarne kollegaer og hjelpepersonell i nyombygde, godt tilrettelagde kommunale lokale.
2. Deltaking i forskningsprosjektet "Recruit and retain" i regi av Universitetet i Tromsø.
3. Alternativ lønsavtale, fastløn eller driftsavtale.
4. 13-delt legevakt i interkommunalt samarbeid på kveld, natt og helg i Sogn LMS, Lærdal sjukehus.
5. Hjelp til å skaffe bustad.
6. Offentleg helsearbeid kan verte aktuelt i inntil 7,5 timar pr. veke.
7. Gode oppvekstvilkår for barn.
8. Korte avstandar til store naturopplevingar og eit rikt kulturliv.                    

Utlyst dato 06.01.2017                                 Vårref 865

Kontaktperson
Rigmor Svanberg, Kommunalsjef, mobil: 94824046, rigmor.svanberg@ardal.kommune.no
Bjarte Hove, Lege, mobil: 41541425, bjarte.hove@ardal.kommune.no

Tips ein ven Skriv ut