Ledig 3 sjukepleiarstillingar

Søknadsfrist: 5. august 2019

Ledig stilling
Me har ledig
Årdal sjukeheim, 2.etg:
1 x 100% fast frå 01.09.19
Må ha bakvakt for anna avdeling på sjukeheimen og for Seimsdal sjukeheim.
Turnusarbeid med til ei kvar tid gjeldande turnus, må ha sertifikat.
 
Korttidsavdeling ÅBO:
1 x 100% fast frå 01.09.19
Det er for tida 3-delt turnus, med lange vakter på helg.
 
Heimesjukepleien Øvre:
1 x 50% fast frå snarast.
Det er turnusarbeid med til ei kvar tid gjeldande turnus, og må jobbe både i utesona og inne på Åbo. Må ha sertifikat.
 
Kvalifikasjonskrav
Autorisasjon som sjukepleiar.
 
Personlege eigenskapar
Søkjar må like variasjon i arbeidet, og kunne arbeide godt sjølvstendig og i saman med andre.
Må ha gode faglege kunnskapar, og bidra til eit godt arbeidsmiljø.
 
Løn og tilsettingsvilkår
Stillinga er løna etter stillingskode 7174 med for tida lønsplassering frå kr. 386.200,-  til kr. 465.300,- pr. år i 100%.
Tillegg for arbeid på kveld, natt og helg.
2 % vert trekt til tariffesta tenestepensjon.
Det er 6 månader prøvetid for nytilsette i Årdal kommune.
Må kunne beherske norsk både munnleg og skriftleg.
Politiattest vil verte krevd.
 
Søknadsprosedyre
Gå til ledige stillingar nede til venstre på Årdal kommune si heimeside www.ardal.kommune.no 
Der får du lista opp stillingar som er lyst ut. Klikk på den stillingen du vil søkje på, vel "søk stilling" i høgre bilete. Logg 
deg på med brukarnamn og passord.
 
Dersom du allereie er tilsett i kommunen eller har vore søkjar før så bruk tildelt brukarnamn/passord eller bruk "gløymt 
passord". Er du ny søkjar så må du registrere deg.
 
Følg instruksjon og trykk neste for å komme vidare.
NB! Det er kun endringar i CV som vert lagra dersom du loggar deg ut før du har sendt søknaden.
 
Alle søknader på ledige stillingar i Årdal kommune skal registrerast elektronisk. Dersom du treng hjelp til innlegging, ta 
kontakt med Personalavdelinga på tlf. 57 66 50 00.
 
Etter at søknadsfristen er ute, vil du motta ei stadfesting på at søknaden er motteken.
Årdal  kommune praktiserer meiroffentlegheit. Opplysning om søkjar kan bli offentleggjort sjølv om søkjar har oppmoda 
om det motsette. Søkjar vil da bli kontakta i framkant. Jfr. Off.lova § 25.
 
 
Søknadsfrist 05.08.2019 Utlyst dato 21.06.2019 Vårref 1010
Kontaktperson
Hilda Nese, Tenesteleiar for institusjonar / heimetenester, tlf: 94815663, mobil: 94815663, hne@ardal.kommune.no
Tips ein ven Skriv ut