A A A
Kontrastverktøy Kontrastverktøy

Læreplass 2020

2 lærlingplassar som barne- og ungdomsarbeidar og 3 lærlingplassar som helsefagarbeidar.
Søknadsfrist 2. mars 2020.
Ein finn og ein oversikt over fleire læreplassar i Årdal via Sogn opplæringskontor.

Lærling - Barne og ungdomsarbeidar
Me kjem til å tilsetje inntil 2 lærlingar frå hausten og du er velkommen til å søkje.

Lærling - Helsefagarbeidar
Me kjem til å tilsetje inntil 3 lærlingar frå hausten og du er velkommen til å søkje.


Søknadsprosedyre

Gå til ledige stillingar nede til venstre på Årdal kommune si heimeside www.ardal.kommune.no
Der får du lista opp stillingar som er lyst ut. Klikk på den stillingen du vil søkje på, vel "søk stilling" i høgre bilete. Logg deg på med brukarnamn og passord.

Dersom du allereie er tilsett i kommunen eller har vore søkjar før så bruk tildelt brukarnamn/passord eller bruk "gløymt passord". Er du ny søkjar så må du registrere deg.

Følg instruksjon og trykk neste for å komme vidare.
NB! Det er kun endringar i CV som vert lagra dersom du loggar deg ut før du har sendt søknaden.

Alle søknader på ledige stillingar i Årdal kommune skal registrerast elektronisk. Dersom du treng hjelp til innlegging, ta kontakt med Personalavdelinga på tlf. 57 66 50 00.

Etter at søknadsfristen er ute, vil du motta ei stadfesting på at søknaden er motteken.
Årdal kommune praktiserer meiroffentlegheit. Opplysning om søkjar kan bli offentleggjort sjølv om søkjar har oppmoda om det motsette. Søkjar vil da bli kontakta i framkant. Jfr. Off.lova § 25.