A A A
Kontrastverktøy Kontrastverktøy

Lærar i vaksenopplæringa

Ledig stilling

Me har ledig inntil 90% stilling, derav 50% fast og inntil 40% engasjement som lærar for skuleåret 2019/2020.
Søknadsfrist 10.06.2019

Arbeidsoppgåver
Vaksenopplæringa har ansvaret for:
Undervisning i grunnskule for vaksne etter opplæringslova §4A-1 i samsvar med Læreplanverket for Kunnskapsløftet. 
Spesialundervisning for vaksne etter opplæringslova §4A-2. 
Undervisning av vaksne innvandrarar i norsk og samfunnskunnskap etter introduksjonslova, i samsvar med Læreplan i norsk og samfunnskunnskap for vaksne innvandrarar
 
Undervising i faga norsk, samfunnsfag og naturfag, samt kontaktlærarfunksjon GMU (grunnskule for minoritetsspråkleg ungdom) er lagt til stillinga skuleåret 2019/2020. 
 
Kvalifikasjonskrav
Godkjent pedagogisk lærarutdanning, i kombinasjon med undervisingskompetanse i grunnskulefaga norsk, samfunnsfag, naturfag, matematikk og engelsk. Vidareutdanning i spesialpedagogikk, norsk som andrespråk eller vaksenpedagogikk er også teljande. 
 
Personlege eigenskapar
Fleksibilitet og gode samarbeidsevner vil verte vektlagt. 
Me ynskjer ein person som er løysingsorientert, sjølvstendig, tålmodig og inkluderande.
 
Løn og tilsettingsvilkår
Løn etter avtaleverket.
2 % vert trekt til tariffesta tenestepensjon.
Det er 6 månader prøvetid for nytilsette i Årdal kommune.
 
Andre opplysningar
Aktuelle søkjarar vil verte kalla inn til intervju.
Sidan det er mindreårige under opplæring ved Vaksenopplæringa, må søkar kunne legge fram godkjent politiattest før tiltreding i stilling.
 
Søknadsprosedyre
Gå til ledige stillingar nede til venstre på Årdal kommune si heimeside www.ardal.kommune.no 
Der får du lista opp stillingar som er lyst ut. Klikk på den stillingen du vil søkje på, vel "søk stilling" i høgre bilete. Logg deg på med brukarnamn og passord.
 
Dersom du allereie er tilsett i kommunen eller har vore søkjar før så bruk tildelt brukarnamn/passord eller bruk "gløymt passord". Er du ny søkjar så må du registrere deg.
 
Følg instruksjon og trykk neste for å komme vidare.
NB! Det er kun endringar i CV som vert lagra dersom du loggar deg ut før du har sendt søknaden.
 
Alle søknader på ledige stillingar i Årdal kommune skal registrerast elektronisk. Dersom du treng hjelp til innlegging, ta kontakt med Personalavdelinga på tlf. 57 66 50 00.
 
Etter at søknadsfristen er ute, vil du motta ei stadfesting på at søknaden er motteken.
Årdal  kommune praktiserer meiroffentlegheit. Opplysning om søkjar kan bli offentleggjort sjølv om søkjar har oppmoda om det motsette. Søkjar vil da bli kontakta i framkant. Jfr. Off.lova § 25.
 
Søknadsfrist 10.06.2019.
 
Kontaktperson
Irene Klingenberg, Rektor, tlf: 45979529, irene.klingenberg@ardal.kommune.no
Tips ein ven Skriv ut