A A A
Kontrastverktøy Kontrastverktøy

Lærar i vaksenopplæringa - vikariat

Ledig stilling

100 % vikariat som lærar ved Vaksenopplæringa for skuleåret 2016/2017. Stillinga kan bli fast. Søknadsfrist 29.07.2016.

Arbeidsoppgåver
Undervisning av vaksne innvandrarar i norsk og samfunnskunnskap, samt spesialundervisning.

Kvalifikasjonskrav
Det er ei føremon med lærarutdanning og gjerne norsk, samfunnsfag og spesialpedagogikk i fagkretsen.
Vidareutdanning i norsk som andrespråk, kulturforståing eller vaksenpedagogikk er òg ynskjeleg. Søkjarar med anna
relevant utdanning og erfaring vil også bli vurdert.

Personlege eigenskapar
Fleksibilitet og gode samarbeidsevner vil verte vektlagt.
Me ynskjer ein person som er positiv, tålmodig, imøtekomande og inkluderande.

Løn og tilsettingsvilkår
Løn etter avtaleverket.
2 % vert trekt til tariffesta tenestepensjon.
Det er 6 månader prøvetid for nytilsette i Årdal kommune.

Andre opplysningar
Aktuelle søkjarar vil verte kalla inn til intervju.
Det må kunne leggast fram godkjent politiattest før tiltreding i stillinga.

Søknadsprosedyre
Gå til ledige stillingar i høgre meny på Årdal kommune.
Der får du lista opp stillingar som er lyst ut. Klikk på den stillingen du vil søkje på, vel "søk stilling" i høgre bilete. Logg
deg på med brukarnamn og passord.

Dersom du allereie er tilsett i kommunen eller har vore søkjar før så bruk tildelt brukarnamn/passord eller bruk "gløymt
passord". Er du ny søkjar så må du registrere deg.

Følg instruksjon og trykk neste for å komme vidare.
NB! Det er kun endringar i CV som vert lagra dersom du loggar deg ut før du har sendt søknaden.

Alle søknader på ledige stillingar i Årdal kommune skal registrerast elektronisk. Dersom du treng hjelp til innlegging, ta
kontakt med Personalavdelinga på tlf. 57 66 50 00.

Etter at søknadsfristen er ute, vil du motta ei stadfesting på at søknaden er motteken.
Årdal  kommune praktiserer meiroffentlegheit. Opplysning om søkjar kan bli offentleggjort sjølv om søkjar har oppmoda
om det motsette. Søkjar vil da bli kontakta i framkant. Jfr. Off.lova § 25.
 

Kontaktperson
Veronika Bjørnerud,  Rektor, mobil: 99297763
Irene Klingenberg, Undervisningsinspektør, mobil: 91347505

Tips ein ven Skriv ut