A A A
Kontrastverktøy Kontrastverktøy

Kveldskurs – norskopplæring

Skule

Det vert tilbod om eit 10 vekers norskkurs ved Vaksenopplæringa, med atterhald om nok påmeldte. 
Det er sett ei minimum-/maksgrense for deltakarar (10-15 deltakarar), så det er «førstemann til mølla». 
Dei må ta kontakt via e-post (legg ved registreringsskjema) til innan 02.03.2017. 
(NB! Vinterferie veke 8)

Vaksenopplæringa i Årdal vil starte opp norskkurs på ettermiddag/kveldstid for arbeidsinnvandrarar. Det vil anten bli nybegynnarkurs eller kurs for vidarekomne, som kan litt norsk frå før. Det er fleirtalet av søkargruppa som vil styre dette. 

Tilbodet er til arbeidsinnvandrarar og andre som ikkje har rett/ plikt til opplæring. I følgje regelverket må personar som er frå EFTA/EØS betale for opplæringa, samt læreverk. Arbeidsgjevarar som ønskjer å gje støtte til dette, kan søke refusjon gjennom Vox http://www.vox.no/. 

Undervisninga vil vere på nynorsk.
Pris (undervisning, lærebøker og lisens til undervisning): kr. 6000,-
•    Kurset vil vere tysdagar og onsdagar kl. 17.15 – 19.30.
•    Me startar opp kurs med atterhald om at det er nok påmelde 
(10-15 deltakarar).
•    Det er mogleg å avlegge norskeksamen fortløpande etter kurset (01.06.17).

Påmeldingsfrist: 02.03.2017
Kursstart: Tysdag 14.03.2017 kl.17.15-19.30
Kurslengd: 50 timar (10 veker)
Stad: 2.etg i Asvo bygget, Årdalstangen

Kontaktinformasjon:
Veronika.bjornerud@ardal.kommune.no
Tlf: 459 79 529

Tips ein ven Skriv ut