A A A
Kontrastverktøy Kontrastverktøy
Heim/Tenester/Sjølvbetjening

Kunnskapsprøven for alkohol- og skjenkeløyve

Kunnskapsprøven er obligatorisk for styrarar og avløysarar i verksemder som har eller søkjer om allmenn sals- eller skjenkjeløyve for alkohol på fast basis.

Målgruppe
Styrarar og avløysarar i verksemder som har eller søkjer om sals- eller skjenkjeløyve.

Praktiske opplysningar om kunnskapsprøven
Kunnskapsprøven om alkohollova er ein elektronisk fleirvalsprøve. Du vil få 60 minutt til å svare på prøven. For å ha stått til prøven, må 24 av 30 svar vere rette.

Pris 
Du må betale eit gebyr på kr 400,-. Prøven kan du ta fleire gonger dersom du ikkje står. Du må betale gebyr for kvar oppmelding.

Rettleiing
Kommunen vil leggje til rette for at du kan ta kunnskapsprøven. Opplysningar om kunnskapskrav til kunnskapsprøven får du ved å ta kontakt med Tenestetorget telefon 57 66 52 20 eller ta turen innom Rådhuset. Du må ta med gyldig legitimasjon når du møter opp for å ta prøven.

Vedlegg
Legitimasjon

Handsaming
Når du har stått til kunnskapsprøven, får du utlevert eit bevis.

Klagemuligheit
Du kan ikkje klage, men du kan ta prøven om att.

Merknader
Personar som har tilknyting til ei verksemd med statleg skjenkjeløyve (tog, fly, forsvaret sine befalsmesser), kontaktar Fylkesmannen.

Lover og retningsliner

  • Alkoholforskrifta
  • Alkohollova
  • Orientering om etablerarprøva
  • Serveringslova

Ta kontakt med Tenestetorget for nærare informasjon telefon 57 66 52 20.