A A A
Kontrastverktøy Kontrastverktøy

Kunngjering - utlegging av manntal

Står du i manntalet?
Manntal til kommune-, same- og fylkestingsvalet 2015 er lagt ut til gjennomsyn.

Manntalslistene for Årdal kommune vert lagt ut til offentleg ettersyn frå 14. juli 2015 på fylgjande stader:

• Rådhuset, Tenestetorget
• Årdal bibliotek (frå 16. juli)

Manntalet ligg framme til og med valdagen 14. september.

Dersom namnet ditt ikkje står i manntalet, eller du meiner det er andre feil i manntalet, kan du kreve at valstyret rettar opp feilen. Kravet skal sendast skriftleg med grunngjeving innan 11. september 2015 til: Valstyret i Årdal, Statsråd Evensensveg 4, 6885 Årdalstangen.

Har du nyleg flytta til kommunen og folkeregisteret har motteke din flyttemelding innan 30. juni 2015, skal du stå i tilflyttingskommunen sitt manntal. Dersom melding om flytting er sendt etter denne dato, står du framleis i manntalet i kommunen du flytta frå. Du kan da velgje om du vil gje di røyst i den kommunen på sjølve valdagen eller førehandsrøyste.

Arild Ingar Lægreid
-leiar valstyret-

Tips ein ven Skriv ut