A A A
Kontrastverktøy Kontrastverktøy
Heim/Tenester/Politikk/Kommunale planar

Kunngjering - Detaljreguleringsplan for Fv. 303 Seimsdalsunnelen

Føremålet med planen er å betre trafikktryggleiken ved utviding av tunnel og bygging av gang- og sykkelveg.

seimsdalstunnel
REGULERING - PLANVEDTAK
I samsvar med §12-12 i plan- og bygningslova godkjende Årdal kommunestyre i møte 20. desember 2018 i sak 084/18 Detaljreguleringsplan for Fv. 303 Seimsdalsunnelen. Føremålet med planen er å betre trafikktryggleiken ved utviding av tunnel og bygging av gang- og sykkelveg.
 
Planvedtaket kan påklagast i samsvar med §§ 12-12 og 1-9 i plan- og bygningslova jf. kap. VI i forvaltningslova. Klage må vere sett fram skriftleg til Årdal kommune innan 3 veker. Krav om erstatning eller innløysing må vere sett fram skriftleg til Årdal kommune innan 3 år etter kunngjeringsdato jf. kap. 15 i plan- og bygningslova.