A A A
Kontrastverktøy Kontrastverktøy
Heim/Tenester/Sjølvbetjening

Kulturhus

 Årdal kommune har to forsamlingshus med stor aktivitet og mange leigetakarar.

  • Samfunnshuset på Årdalstangen
  • Kulturhuset i Øvre Årdal

Samfunnshuset på Årdalstangen

Samfunnshuset på Årdalstangen er eit kommunalt kulturhus , der det er blant anna er ein del kontor som brukarar som NAV Årdal, PPT, barnevernet og Indre Sogn Sparebank.

Kinoen og eldresenteret held og til i bygget.

Samfunshuset vert leigd ut til møte, kurs, konsertar, musikkøvingar, og ymse private arrangement.

Samfunnshuset vert leigd ut til:

  • Konferanse/konsertar i kinosalen
  • Møterom
  • Lokala som eldresentret disponerer på dagtid kan leigast ut på kveldstid og helg for selskap
  • Tinging av lokale: Årdal kommune, tenestetorget, tlf. 57 66 52 20
  • Nøklar må hentast i opningstida til Tenestetorget, som er måndag - fredag 07.30-15.00 i tida 15. mai - 1. september, og i tida 07.30 - 15.30 i tida 1. september - 15. mai.

Utleiga er basert på brukarmedverknad (klargjering/oppattrydding).

Samfunnshuset er å finna i Statsråd Evensensveg 4.

Kulturhuset i Øvre Årdal

Årdal kulturhus ligg i Øvre Årdal og er eit kommunalt kulturhus med stor aktivitet og mange leigetakarar: Bibliotek, Ungdomsklubb og Eldresenter. Huset er mykje brukt av lag og organisasjonar.

Kulturhuset vert leigd ut til møte, kurs, konsertar, musikkøvingar, utstillingar, festar og ymse private arrangement.

  • Stor festsal med plass til opp til 400
  • Møterom
  • Lokala som eldresentret disponerer på dagtid kan leigast ut på kveldstid og helg for selskap på ca. 30 personar
  • Tinging av lokale: Årdal kommune, tenestetorget, tlf. 57 66 52 20
  • Nøklar må hentast i opningstida til biblioteket

Utleiga er basert på brukarmedverknad (klargjering/oppattrydding).

Kulturhuset er å finna i Farnesvegen 3.