A A A
Kontrastverktøy Kontrastverktøy

Kreftkoordinator

Kommunane Lærdal, Årdal og Aurland har frå 1.mars 2014 tilsett kreftkoordinator i 50% stilling. Stillinga er støtta med lønsmidlar frå kreftforeninga. 


Kreftsjukepleiar Linda Mannes er tilsett i stillinga. Ho har førebels kontor på helsesenteret i Lærdal, men skal få kontor i Sogn Lokalmedisinske Senter når det startar opp ved Lærdal sjukehus. Oppstart er planlagt i november i år.

Kva kan kreftkoordinator hjelpa med?
• Vere ressursperson for den som er kreftråka og deira pårørande
• Gi råd og rettleiing rundt diagnose, behandling, rehabilitering og omsorg ved  livets slutt
• Vere ein samtalepartnar som kan hjelpa å sortera tankar i ein vanskeleg situasjon
• Vere bindeledd mellom pasient, fastlege, spesialisthelsetenesta og kommunene, og formidle kontakt med dei ulike tenestene og aktuelle samarbeidspartnarar
• Koordinera og tilretteleggje kvardagen for kreftsjuke og pårørande på best mulig måte
• Heimebesøk til pasient og pårørande
• Vere ein støttespelar for born og unge som er ramma av kreft eller er pårørande av besteforeldre, føresette eller syskjen med kreft
• Informere om ulike tenester og tilbod innan kreftomsorg

Ein treng ikkje tilvising eller søknad for å få kontakt med kreftkoordinator. Den kreftråka, pårørande eller helsepersonell kan ta direkte kontakt.

Tilbodet er gratis.

Kreftkoordinator har kontortid frå kl. 08.00 – 15.30: Torsdag, fredag og annakvar onsdag (oddetalsveke)
Telefon: 976 99 266

Tips ein ven Skriv ut