A A A
Kontrastverktøy Kontrastverktøy

Korpsøving til 17. mai

korps

Kulturministeren har gjeve adgang for korps å spele på 17. mai - og alle med kjennskap til korps veit at da må det vere høve til å få øve.

I samråd med kommuneoverlegen, har Årdal kommune komme fram til at det fra i dag,  22. april, er tillete for korps som skal spele på 17. mai å halde øvingar.
 
Dette er under føresetnad av at:
1. øvinga finn stad utandørs
2. at musikantane føl gjeldande smittevernreglar dvs to meter mellom kvar musikant, ikkje deler instrument eller anna utstyr m.m.
 
Desse må de gå igjennom før øving tek til. Kommunen tilrår korpsa å utarbeide ein enkel ROS-analyse for øvinga og at dette vert gjort før øvinga tek til.