A A A
Kontrastverktøy Kontrastverktøy

Koronaviruset

Korona viruset

Rådmannen og kommuneoverlegen, vil jamnleg sende ut informasjon om korleis situasjonen er i Årdal når det gjelder koronaviruset.

• Det er ingen som er smitta eller isolert i Årdal kommune pr. 6. mars. 

• Det er mange i Årdal som har ordinær influensa – som ein del av den ordinære influensasesongen.

• Årdal kommune har fått i oppdrag å avdekke om vi har tilstrekkeleg utstyr til å eventuelt handtere eit større utbrot. Kommunen har tilstrekkeleg med utstyr både ved legekontoret og ved institusjonane for sjuke og eldre. Kommunen har også eigna lokaler til å behandle personar som er sjuke pga. koronaviruset.

• Tenestene bør sørge for at det vert sett opp antibak der det er naturleg.

• Så litt generelle råd: Ver nøye med hygiene som ved all anna type virussmitte og føl anbefalingar som er gitt av folkehelseinstituttet. RING legekontoret. Ikkje møt opp dersom du er redd for at du er smitta.

  • Har du spørmål om eigen helse kan du ringa 116117.

• Vedlagt er ein video som kan visast for litt større barn og vaksne. Den er informativ – og kan dempe frykta som nok enkelte har.

Informasjonsvideo

 

Stig Stark-Johansen                                                              Frode Myklebust

Rådmann                                                                                Kommuneoverlege