A A A
Kontrastverktøy Kontrastverktøy

Koronavirus - lokal informasjon

hygieneplakat_smitte_koronavirus (1)

Me er førebudd i Årdal om det skulle komme personar med smitte til kommunen. Pandemiplanen vert oppdatert dagleg – og me har vore ute tidleg med dette arbeidet. Planen seier noko om korleis me skal handtere situasjonen dersom det vert oppdaga smitte i kommunen.

Me tilrår å følgje folkehelseinstituttet sitt bodskapet om viktigheita av personleg hygiene som handvask og korleis du ter deg dersom du hostar.
Vask hender ofte med såpe – og dersom du hostar – skal dette skje i albogen. Dette er òg ein god førebyggande effekt i forhold til vanleg influensa. I Årdal er det framleis mange som har ordinær influensa.

Administrativ leiing har tett dialog med kommunelegen og føl situasjonen nøye.

Me har god dialog med helsedirektoratet, folkehelseinstituttet og fylkesmannen – og kommunen føl råd og pålegg som kjem frå desse instansane.
Bruk telefonen om du har du symptom på luftvegsinfeksjon (sår hals, hoste, feber, sjukdomskjensle) og har vore i aktuelle risikoområde for spreiing dei siste 14 dagane eller har vore i nærkontakt med person med påvist smitte. Det er viktig at du ikkje møter opp på legekontor eller legevakt.

Er du i risikogruppa, så ta kontakt med ditt fastlegekontor på telefon 57 66 53 90. Er det utanom vanleg kontortid, så ta kontakt med legevakta på 116 117. Du får då snakke med lege som vil vurdere smitterisiko, og planlegg vidare transport, oppfølgjing og prøvetaking av deg. 

Inntil du har vore til lege skal du unngå nærkontakt med andre menneske, og unngå bruk av kollektivtransport.

Informasjonsark pr. 28. februar 2020

Generelle råd

Råd til reisande

Årdal kommune
Stig Stark-Johansen
Rådmann