A A A
Kontrastverktøy Kontrastverktøy

Korona: Lokalinformasjon pr. 11. mars

hygieneplakat_smitte_koronavirus (1)

Det er ingen i Årdal som har fått påvist smitte av koronaviruset. Fem personar er sett i karantene.

Kommunen får spørsmål om kva ein gjere med arrangement og andre samlingar av større grupper menneske. Årdal kommune føl folkehelseinstituttet sine retningslinjer for dette – og ber folk om å halde seg fortløpande orientert på Folkehelseinstituttet sine sider https://www.fhi.no/
I samsvar med desse retningslinjene må de gjere ei vurdering om det er naudsynt å gjennomføre arrangementet eller møtet.

Årdal kommune er informert om at Hugin Musikkforum har avlyst Påskerocken. Det er og kome melding om at Eldresenteret i Øvre Årdal stoppar all aktivitet.

Kommuneleiinga vil halde dykk fortløpande orientert om status. Årdal kommune har eit planverk, har naudsynt utstyr på plass og lokaliteter som vil egne seg i tilfelle utbrot i Årdal.

Vi oppmodar alle om å ta situasjonen seriøst. 
Lev mest muleg normalt – men ver ekstra nøye med personleg hygiene.
Litt humoristisk, så er det sånn at årdølene er kjent for å kunne snakke høgt. Akkurat no treng ein ikkje å stå tett på folk når ein møtes.. (for å unngå dråpesmitte). 

Som tidligare nemnt, så er det mange som har ordinær influensa i Årdal. Da er det vanlege hygienereglar som gjeld. 

Det blir sagt at det er behov for ein nasjonal dugnad for å stoppe viruset. Er det noko folk i denne kommunen er gode på, så er det dugnader.

Årdal kommune har innført interne restriksjonar i samband med møte, kurs og reiser for tilsette.

 

Stig Stark-Johansen                                                                 Frode Myklebust
Rådmann                                                                                  Kommuneoverlege