A A A
Kontrastverktøy Kontrastverktøy
Heim/Tenester/Helse og omsorg/Koordinerande eining

Koordinerande eining

Koordinerande eining (KE) har eit overordna ansvar for å bidra til å sikre heilskaplege og koordinerte tilbod til personar med behov for tenester frå fleire fagområder, nivå og sektorar.

Alle som har behov for langvarige og koordinerte tenester har rett til å få utarbeida ein individuell plan (IP) og oppnemnd ein koordinator.
KE i Årdal kommune er ein del av Tildelingskontoret.
 
Oppgåvene til KE er mellom anna:
å vurdere meldingar om behov for IP, 
følgje opp og gje opplæring til koordinatorar, 
ha oversikt over behovet for habilitering og rehabilitering i kommunen. 
 
Den som vurderer at ein brukar dei er i kontakt med har behov for IP, oppfølginsteam eller koordinator, skal melde ifrå til KE. Brukar sjølv eller pårørande kan også ta kontakt med KE . 

Kontakt:
Kontaktperson for Koordinerande Eining – Anne Sofie Huset Sørhage tlf: 468 12 773/ 57 66  50 50 

Adresse: Årdal kommune, Koordinerande Eining, Statsråd Evensensveg 4, 6885 Årdalstangen
 
 
Ynskjer du å vite meir: