A A A Svart på hvitt - normalt Hvitt på svart

Konsert: Aadland tolker Dylan Fredag 9.12 kl.19.00

Aadland live 4 Foto av Arvid Børretzen.jpg

Dagen før Dylan mottek Nobels litteraturpris i Stockholm får vi besøk av Tom Roger Aadland som har gjort stor suksess med å omsetja Dylan til nynorsk.

Rockepoeten Tom Roger Aadlands nye album «Blondt i blondt» (Bob Dylans meisterverk «Blonde on Blonde» gjendikta til nynorsk) har fått ei strålende mottaking av eit samla kritikarkorps. «Suveren nynorsk utgave av Bob Dylan-klassiker», skreiv Fredrik Wandrup i Dagbladet då plata kom ut, medan Finn-Ulrik Berntsen i NRK P1 Norsk på norsk gav albumet årets første seksar med følgjande kommentar: «Av og til kommer det skiver som tar pusten fra deg, rett og slett fordi de er så intense og vakre. Dette var en slik opplevelse».

Tom Roger Aadland hadde stor suksess med albumet «Blod på spora» (Dylans «Blood on the Tracks» gjendikta til nynorsk) i 2009. Omfattande turnering over heile landet, universitetsføredrag og bokutgjeving følgde i kjølvatnet, og TIDAL kåra opningssporet «Vikla inn i blått» til ein av dei beste norske coverlåtane gjennom tidene. Aadland har gitt ut seks kritikarroste album som soloartist, og er kjent for radiolåtar som «Min beste ven på ein dårleg dag» og «Like til mi dør». Han har også skrive tekstane til åtte av tolv låtar på Hellbillies’ nye album «Søvnlaus».

Konserten er på Utla Café og bar

Bill. kr. 100