A A A
Kontrastverktøy Kontrastverktøy

Kommunestyremøte torsdag 13. mars

Det er kalla inn til kommunestyremøte torsdag 13. mars kl. 12.00. Møtet er i kommunestyresalen på rådhuset.

Etter formelt møte er det årsmøte i Årdal tenk tryggleik og orientering om lokal energiutgreiing.

 

Saker som skal handsamast er mellom anna:

008/14 Høyring reservasjonsrett for fastlegar
Helse- og omsorgsdepartementet har sendt høyringsnotat vedr.endringar i helse- og omsorgstenestelova. Endringane har fokus på legar sin reservasjonsrett knytt til tilvisingar og behandlingar ved alvorleg samvetskonflikt knytt til liv og død, i hovudsak abort. Kommunestyret skal ta stilling til kommunen si haldning til dette.

009/14 Sognefjellstunnelen
Styringsgruppa for Sognefjellstunnelane ber kommunestyra i Lom, Luster og Årdal oppmoda Samferdsledepartementet om å starte arbeidet med konseptvalutgreiing og statusendring no.

010/14 Samlokalisering av helsetenester
Kommunestyret vedtok i Ksak 74/13 (budsjettvedtaket av 19.12.13), at rådmannen skal greie ut felles legekontor i helsehuset i Øvre Årdal. Samlokalisering av legetenesta inneber og at helsesøster/jordmortenesta må samlokaliserast.
 
011/14 Årdal Tenk Tryggleik - revidering av vedtekter
Vedtektene til Årdal Tenk Tryggleik må reviderast for å tilpassast dagens organisering. 
 

 

Tips ein ven Skriv ut