A A A
Kontrastverktøy Kontrastverktøy

Kommuneoverlege - fastlege

Doktor_200x214

Årdal kommune har ledig ei nyoppretta 50% stilling som kommuneoverlege i kombinasjon med 50% fastlegepraksis. Søknadsfrist 05.12.2016

Fastlegepraksisen vil ha ei pasientliste på omlag 400. Pr. dd  har kommunen fem fastlegar og turnuslege. Det vert oppretta ytterlegare ein fastlegeheimel frå 2017. Kommuneoverlegen vil vere del av rådmannen sin stab med kontorstad på Rådhuset på Årdalstangen, som fastlege i Helsehuset i Øvre Årdal.

Arbeidsoppgåver
Det vil vere høve til å påverke stillingsinnhaldet som kommuneoverlege, men nokre oppgåver er sentrale:
1. Ivareta samfunnsmedisinske oppgåver utfrå helse- og omsorgstenestelov, folkehelselov og smittevernlov.
2. Vere del av kommunen si kriseleiing og beredskap.
3. Vere medisinsk ansvarleg for rådgjeving og rettleiing i helse- og omsorgssektoren.
4. Vere kommunen sin representant i interkommunale og tverrsektorielle samarbeidsforum.
5. Ha oppfølging og dialog med fastlegane.

Kvalifikasjonskrav
Me søkjer ein person som:
1. Er offentleg godkjent som lege med norsk autorisasjon.
2. Har godkjenning som spesialist i samfunnsmedisin, eller ønskjer å tileigne seg kompetansen.
3. Har interesse for og kompetanse i samfunnsmedisin.
4. Har gode norskkunnskapar både munnleg og skriftleg.
5. Har prakstisk erfaring frå arbeid i kommunehelsetenesta.
6. Er fleksibel og samarbeidsorientert.
7. Evnar å arbeide sjølvstendig og målretta.

Me tilbyr
1. Godt arbeidsmiljø med erfarne kollegaer og hjelpepersonell i nytt kontorlandskap.
2. Deltaking i forskningsprosjektet "Recruit and retain" der tre norske kommunar er med i regi av Universitetet i Tromsø.
3. Som kommuneoverlege løn etter avtale. Gode pensjons- og forsikringsordningar.
4. Som fastlege fastløn eller driftsavtale.
5. Hjelp til å skaffe bustad.
6. Gode oppvekstvilkår for barn.
7. Korte avstandar til store naturopplevingar.
8. Gode kommunikasjonsnett.
9. For tida deltaking i 12-delt interkommunal legevakt i Sogn LMS, lokalisert på Lærdal sjukehus.

Søknadsprosedyre
Gå til ledige stillingar nede til venstre på Årdal kommune si heimeside www.ardal.kommune.no
Der får du lista opp stillingar som er lyst ut. Klikk på den stillingen du vil søkje på, vel "søk stilling" i høgre bilete. Logg deg på med brukarnamn og passord.

Dersom du allereie er tilsett i kommunen eller har vore søkjar før så bruk tildelt brukarnamn/passord eller bruk "gløymt passord". Er du ny søkjar så må du registrere deg.

Følg instruksjon og trykk neste for å komme vidare.
NB! Det er kun endringar i CV som vert lagra dersom du loggar deg ut før du har sendt søknaden.

Alle søknader på ledige stillingar i Årdal kommune skal registrerast elektronisk. Dersom du treng hjelp til innlegging, ta kontakt med Personalavdelinga på tlf. 57 66 50 00.

Etter at søknadsfristen er ute, vil du motta ei stadfesting på at søknaden er motteken. Årdal  kommune praktiserer meiroffentlegheit. Opplysning om søkjar kan bli offentleggjort sjølv om søkjar har oppmoda om det motsette. Søkjar vil da bli kontakta i framkant. Jfr. Off.lova § 25.

Kontaktperson
Rigmor Svanberg, Kommunalsjef, mobil: 94824046, rigmor.svanberg@ardal.kommune.no

Tips ein ven Skriv ut