A A A
Kontrastverktøy Kontrastverktøy
Heim/Tenester/Politikk/Nemnder og råd/Kommunalt råd for funksjonshemma

Kommunalt råd for funksjonshemma

Rådet er eit samhandlings- og rådgjevande organ for kommunen i saker som angår funksjonshemma sine behov og interesser, og kommunen sitt formelle organ i arbeidet med brukarmedverknad.

Det er ikkje mynde for å fatta vedtak i Rådet på kommunale saksområde, men Rådet skal arbeida for at menneske med nedsett funksjonsevne ikkje vert diskriminert og bidra til tilgjengelege og brukarvennlege tenester i kommunen.

Kommunalt Råd for Funksjonshemma er eit rådgjevande organ og det vil ikkje gje råd i saker som gjeld enkeltindivid, med mindre saka kan vere av prinsipiell karakter.

Rådet tek gjerne imot saker, innspel frå publikum, lag og organisasjonar som ein meiner Rådet bør engasjera seg i.

Målsetnad for rådet:

  • Fremje likestilling på alle samfunnsnivå
  • Legge til rette for aktiv deltaking i samfunnslivet
  • Ivareta og vidareutvikle dei funksjonshemma sine rettar.
  • Fremje tiltak med desentraliserte, integrerte og koordinerte tenester i Årdal kommune.

Rådet skal vere forankra i lokale lag og søke bistand frå Fylkeskommunalt Råd for Funksjonshemma.

Lokale lag og organisasjonar representert av Rådet:

  • Indre Sogn Psoriasisforening
  • Kvinne- og familieforbundet Årdal
  • Mental Helse Årdal
  • Nedre Årdal helselag
  • Øvre Årdal helselag
  • Årdal Lærdal Hørselslag
  • Årdal lag av LHL
  • Årdal lokallag av NFU
  • Årdal Revmatikerlag
  • Årdal/Lærdal astma og allergiforbund
  • Norsk Handikapfobund Årdal/Lærdal/Aurland.

Medlemmer i Rådet:

Dag Audun Strand, leiar - personleg vara: Jo Ragnar Sønstlien
Reidun Fodnes, nestleiar - personleg vara: Inge Moen
Siv Aspesete - personleg vara: Olav Nese
Heidi Mørkrid - personleg vara: Annlaug Selland
Karin Moen - personleg vara: Signe Lerum
Rigmor Svanberg er representant for kommuneadministrasjonen.

Sekretær : Ellen Marie Haug

Årsmelding 2017
Årsmelding 2016
Årsmelding 2015
Årsmelding 2014

Tips ein ven Skriv ut