A A A
Kontrastverktøy Kontrastverktøy

Kommunale avgifter - endring i terminbetaling

kalenderbilde_256x144

Budsjett 2017 vart vedteke i k-sak 100/16 i møte 15. desember 2016. I samsvar med vedtak vert det endringar i både prisar og betalingsterminar for kommunale avgifter og eigedomsskatt. Nye prisar, satsar og gebyr vert gjeldande frå 01.01.17.

For 2017 og framover vert det ei endring i termin innbetalingane på offentlege skattar og avgifter. Grunna omsyn til ein meir effektiv faktureringsprosess og likviditet, skal kommunale avgifter (vatn, kloakk, renovasjon og feiing) og eigedomsskatt betalast i 4 terminar. 

Avgiftene og eigedomsskatt vert fakturert samla på ein felles faktura som vert fordelt ut 4 gonger pr. år.

Følgjande forfallsdatoar vert gjeldande;
15. februar / 15. mai / 15. august / 15. november

Festeavgift for dei som festar på kommunal grunn, vert lagt inn i fakturaen for 1. termin med forfall 15. februar.

Brukarar av e-faktura og avtalegiro treng ikkje gjere nokre endringar.

Prisar og satsar for 2017 er lagt ut på heimesida til Årdal kommune, og i papirform v/tenestetorget på rådhuset. 

 

 

Tips ein ven Skriv ut