A A A
Kontrastverktøy Kontrastverktøy
Heim/Tenester/Helse og omsorg/Helse/Kjernejournal

Kjernejournal

I kjernejournalen vert det samla viktige helseopplysingar som både den einskilde innbyggjaren og helsepersonell har tilgang til.

Kjernejournal vert oppretta 1. mars 2015 og alle som er folkeregistrerte i kommunen vil få ein kjernejournal, dersom dei ikkje allereie har reservert seg frå det.

Du kan sjølv sjå og leggje inn opplysingar i din kjernejournal via helsenoreg.no

Kort om kjernejournal
•    Kjernejournal er ei ny elektronisk løysing som samlar nokre kjerneopplysingar om deg og din helse.
•    Både du og helsepersonell får tilgang til opplysingane i kjernejournalen.
•    Kjernejournal kjem i tillegg til pasientjournalane du har hos fastlegen, på legevakta og sjukehuset.
•    Helsepersonellet har tilgang til kjernejournalen i ein eigen portal for helsepersonell og innbyggjarane har tilgang via helsenoreg.no
•    Helsedirektoratet er ansvarleg for utviklinga av kjernejournal.
•    Siktemålet med kjernejournal:
o    Gje tryggare helsehjelp
o    Gjere samhandlinga i helsetenesta betre
o    Auke pasientane sin medverknad

Ynskjer du ikkje å ha ein kjernejournal, kan du reservere deg når som helst. Det gjer du ved å logge deg inn på helsenoreg.no og gå til innstillingane for din kjernejournal.

Kor finn eg min kjernejournal?
På den offentlege helseportalen helsenoreg.no får du tilgang til opplysingane i kjernejournalen ved å logge deg på med din elektroniske ID. Her kan du sjå informasjonen som er lagra om deg og leggje inn ekstra opplysingar.

Kjernejournal er ein av fleire tenester du kan sjå på helsenoreg.no. Her finst òg oversyn over din fastlege, dine reseptar og eigenbetalingar, i tillegg til andre tenester du kan betene sjølv.

Meir informasjon?
På sjukehusa, legekontor og ulike stader i kommunen vil du finne avrivingsblokk og plakat med informasjon om kjernejournal.
Din kjernejournal vert oppretta 1. mars. Då kan du logge deg inn for å sjå din kjernejournal, eller lese meir på helsenoreg.no
Du kan òg ringje brukarstøtte 800HELSE (80043573)

Helsepersonell i gang denne våren
Sjukehusa, legevaktene, fastlegane  og private spesialistar vil byrje bruke kjernejournal i løpet av våren 2015. Helsepersonellet vil nytte kjernejournalen i samband med behandling av pasientar.

Tips ein ven Skriv ut