A A A
Kontrastverktøy Kontrastverktøy

Ketil Thorbjørnsen og Karl Seglem er nominert til Luttprisen

Ketil Thorbjørnsen og Karl Seglem er begge nominert til Luttprisen 2015 - årets artist frå Sogn og Fjordane.

Ketil Thorbjørnsen, som er tilsett i Årdal Kommunale Musikk og Kulturskule, er nominert for utgjevinga av albumet «Verdsmannen». Karl Seglem; jazz- og verdsmusikaren, er også i år nominert til Luttprisen. Seglem vann Luttprisen i 2013 og feirar i år 30 år som artist ved å gi ut heile tre album.

Prisen vert delt ut under NRK JuleLutt direkte frå Høyanger 18. november klokka 1800. Prisen er eit kunstdiplom av Oddvar Torsheim og stipend på 25.000 kroner frå Sparebanken Vest.

Publikum kan stemme fram sin favoritt, og fredag 13. november vert fem finalistar presentert med flest røyster frå publikum og jury. Gå inn på NRK sine nettsider og stem fram din favoritt.

Tips ein ven Skriv ut