A A A
Kontrastverktøy Kontrastverktøy
Heim/Tenester/Sjølvbetjening

Kart og oppmåling

Hovudoppgåva til kart- og oppmålingstenesta er å sørge for at nødvendig og rett geografisk informasjon er tilgjengeleg for publikum, politikarar og saksbehandlarar. Dette blir gjort gjennom ajourhold av kart og oppdatering av Matrikkelen.

Trude
Trude Johnsgaard handterer kommunen sine kart og oppmålingstenester

Arbeidsområda til kart- og oppmålingstenesta er i all hovudsak følgjande:<<<<

  • Frådele og måle opp nye egiedomar som skal oppretteast etter delingsloven/matrikkelen
  • Justere grenser mellom eigedomar
  • Påvise eigedomsgrenser etter målebrev
  • Etablere fastmerker for å kvalitetssikre målearbeidene
  • Seksjonere eigedomar
  • Samanføye eigedomar
  • Oppdatering av Matrikkelen
  • Vedlikehalde kommunalt kartverk
  • Eigedomsopplysningar

 
Matrikkelen er det nasjonale registeret over all fast eigedom i Norge. Det inneheld opplysningar om grunneigedom, adresser og bygningar. Matrikkelen er heimla i Lov om eigedomsregistrering (matrikkelloven). Den er delvis tredt i kraft og vil heilt erstatta delingslova og signallova. Statens kartverk blir gjennom lova gitt rolla som sentral matrikkelmyndigheit, men kommunen blir gitt rolla som lokal matrikkelmyndigheit.

Eigen kartportal
Årdal, har i samarbeid med kommunane i Sogn regionråd, utvikla eigen kartportal. I portalen får du tilgang til grunnkart, flyfoto, reguleringsplanar m.m.

Gå inn på sognekart.no og du får tilgang til kartinformasjon for Sognekommunane.

Du finn oss her.