A A A
Kontrastverktøy Kontrastverktøy

Julehelsing frå Ordføraren

Jul

Det nærmar seg slutten på enda eitt år. No er jula snart over oss alle saman.
  
Industrikommunen vår har hatt eit bra år til tross for etterdønningane for Hydro etter Brasil-hendinga. Utviklinga har vore god for det lokale næringslivet, og til det positive for næringane i Årdal. Reiselivssatsinga ser bra ut, og ligglon an til bedring år for år. Satsinga rundt SITEP og Årdal Teknologipark blir spanade å følgje vidare og vil vere med å styrke den vidaregåande skulen vår. Det er godt å ha med seg inn i eit nytt år.

19. desember hadde kommunestyret sitt siste møte dette året. Det er lagt eit ganske stramt budsjett for 2020, og ein økonomiplanen som legg føringar for store investeringar frå 2020-2023. Den klart største ligg i å bygga ny sjukeheim på Årdalstangen. Det vil komme fleire som treng sjukeheimsplassar i Årdal fram mot 2029. Dette må me vere klare for, og me må difor vere klare på å bygge stort nok slik at me kan samle mange tenester under same tak, og samstundes hente synergiar i ei slik satsing. 

Utfordringa for Årdal er at me ser at folketalet går nedover år for år. Statistisk Sentralbyrå (SSB) har prognose på at Årdal i 2030 vil ha ca 4700 inbyggarar, og i 2040, ca 4200 innbyggarar. Politikarane i Årdal vil inngå eit veddemål med SSB på at dei tek feil, i tråd med Rådmann sine satsingar der me no vil starte ein forstudie, og forprosjekt, for eit omdøme- og rekrutteringsprosjekt. Dette for å få folk til å bli kjent med Årdal - med alt det positive det medfører. Dette vil dei nyoppretta politiske utvalgsmodellen jobba med i 2020.  

Som ordførar er eg så heldig at eg dagleg får høve til å treffa mange flotte menneske med eit stort engasjement for lokalsamfunnet vårt. Dette er innanfor frivillige lag og organisasjonar, næringsliv og andre med lokalt engasjement. For ordføraren har det vore viktig å møte bidragsytarane i den kommunale tenesteytinga for å lære. Har møtt tilsette innan eldreomsorg og lært mykje over to dagar. Dei andre einingane vil og få besøk.

Eg ynskjer å sende ein stor takk til alle våre tilsette for den flotte jobben De gjer for innbyggarane i Årdal. Ei spesiell takk til dei av Dykk som må vere på jobb i julehelgi.
Årdal #meirenndutrur !!!

Med venleg helsing
Hilmar Høl
Ordførar