A A A
Kontrastverktøy Kontrastverktøy

Julehelsing frå ordføraren

Julekort2016

Slutten på enda eit år nærmar seg.

I industrikommunen vår har sysselsettinga med arbeidsstad Årdal auka med 85 i 2015, og trenden i 2016 er den same. Næringslivet har stor ordreinngang og innpendlinga aukar sterkt. Arbeidsplassane i Årdal er og svært viktige for region Sogn. Skatteinngangen til kommunen i 2016 syner pr. i dag 10 mill. meir enn budsjettert for 2016. 
Dette tyder at næringslivet går godt, og det er svært viktig for bygda

Budsjettet for 2017 er på plass. Handsama i kommunestyret 15. desember.
Årdal kommune er no ute av Robek og etter nokre år utan, har no kommunestyret vedteke eit investeringsbudsjett for 2017. Det største tiltaket er inneklima på ungdomssteget Tangen skule med 9 mill. kroner.

Som ordførar vil eg takke alle som legg ned frivillig arbeid og har eit stort engasjement for bygda vår.
Dette er svært viktig for at Årdal skal vere ein god og trygg stad å bu, leva og arbeida.

Eg ynskjer alle ei God Jul og Godt Nytt år!

 

Tips ein ven Skriv ut