A A A
Kontrastverktøy Kontrastverktøy

Julehelsing frå ordføraren

julekuler

Slutten på enda eit år nærmar seg.


I industrikommunen vår har sysselsettinga stabilisert seg i 2014 og auka vidare i 2015. I første halvår auka industrisysselsettinga med 40 årsverk. Tenesteytande næringar viser òg ein fin auke i 2015.

Budsjettet for 2016 er no ferdig handsama i kommunestyret. Friluftsbadet på Årdalstangen fekk plass i budsjettet, og eg trur det vert ei god sak for dei unge, og det vil skapa meir aktivitet i sentrum i sommar. Dersom alt går som det ser ut i dag er kommunen ute av Robek våren 2017.

Som ordførar er eg så heldig at eg dagleg får høve til å treffa mange flotte menneske med eit stort engasjement for bygda vår. Eg vil takka alle desse for arbeidet dei gjere.

Eg ynskjer å sende ei stor takk til alle våre tilsette for den flotte jobben dei gjere for innbyggarane.

Årdal skal vere ein god og trygg stad å bu, leva og arbeida.

Eg ynskjer dykk alle ei fredfull julehøgtid og eit godt nytt år.

 

Arild Ingar Lægreid
-ordførar-

 

Tips ein ven Skriv ut