A A A
Kontrastverktøy Kontrastverktøy

Julehelsing frå ordføraren

  • 1

Slutten på enda eitt år nærmar seg. No kan jula snart koma. Industrikommunen vår har vore ein del av finanskrisa i verda i snart 3 år, men no ser det ut som om utviklinga har snudd til det positive for næringane i Årdal. Det er godt å ha med seg inn i eit nytt år.

Årdal kommune må gjennom nokre tøffe år, drifta må reduserast. Det positive er att det går mot eit overskot i 2014, og med den planen me har i dag er kommunen ute av Robek i 2016.

Som ordførar er eg så heldig at eg dagleg får høve til å treffa mange flotte menneske med eit stort engasjement for lokalsamfunnet vårt. Dette er innanfor frivillige lag og organisasjonar, næringsliv og andre med lokalt engasjement. Dette har eg òg merka meg når hendingar og katastrofar inntreff, da løyser Årdalssamfunnet dette i lag.

Eg ynskjer òg å sende ein stor takk til alle våre tilsette for den flotte jobben dei gjere for innbyggarane. Ei spesiell takk til dei som må vere på jobb i julehelgi.

Årdal skal vere ein god og trygg stad å bu, leva og arbeida.

Eg ynskjer dykk alle ei fredfull julehøgtid og eit godt nytt år!

Tips ein ven Skriv ut