A A A
Kontrastverktøy Kontrastverktøy

Januarjakt på hjort og elg i Årdal kommune

Auka felling og utvida jakttid vedteke.

hjortevilt-logo

Som kjend skal kommunane kring Nordfjella redusera bestandane av hjortevilt for å forhindra spreiing av skrantesjuke frå Nordfjella sone 1. Årdal kommune er av Miljødirektoratet bede om å redusera bestandane av hjort og elg til under halve storleiken i høve 2016-nivået.

Styret i Årdal bestandsplanområde og kommunal viltforvaltar har diskutert saka og tolka dei førebelse resultata. Utvida jakttid er vedteke, men me har følgjande tilråding for jakt i januar:
"Me vil på det sterkaste oppmode om at jegerane i Årdal kommune har eit fokus på kalvar i januar. Me ønskjer også jakt på dyr i openbart dårleg hald, dyr som har regelmessige trekk over trafikkfarlege plassar og individ som gjer skade på avling og hagar. Me vil oppmoda om at jaktinga føregår på ein skånsam måte, med lite bruk av jag i utmark, men heller til dømes posteringsjakt på innmark. Målretta felling av kalv vil kunna redusera talet viltpåkøyringar, samt at det på mange måtar er eit godt bestandsforvaltningsmessig tiltak. Ved å ha eit høgt uttak av kalv, vil vinterbestanden av hjort vera lågare, mens bestandens produktivitet i større grad oppretthaldast."

For meir informasjon og fristar for rapportering finn du HER.