A A A
Kontrastverktøy Kontrastverktøy

Intensjonsavtale for samarbeid signert

Ordførararane i Årdal, Lærdal og Aurland signerte i dag intensjonsavtale for samarbeid.

Formannskapa i Årdal, Lærdal og Aurland har i dag hatt fellesmøte i Årdal.
Det var kun ei sak til handsaming i fellesmøtet:

Intensjonsavtale mellom kommunane Årdal, Lærdal og Aurland for utvida interkommunalt samarbeid.

Ordførarane hadde utarbeidd utkast til avtale som vart presentert i møtet. Framlegget til avtale vart godt motteke av formannskapsmedlemane og ordførarane avslutta møtet med å signere intensjonsavtalen som no vert sendt til vidare handsaming i alle tre kommunestyra. 

Framlegg til vedtak som kommunestyra skal ta stilling til vert:
Kommunane sluttar seg til Intensjonsavtalen mellom kommunane Årdal, Lærdal og Aurland om utvida interkommunalt samarbeid.
Kvar kommune vel tre medlemmer til styringsgruppa, i tillegg ein tillitsvald frå kvar kommune.
Det vert lyst etter og tilsett prosjektleiar.
Styringsgruppa legg fram samarbeidsavtale til behandling i kommunestyra innan 31.10.2018.
Styringsgruppa kan og greia ut samarbeide på andre område.
Kostnadane med dette arbeidet vert å dele likt mellom kommunane.

 

Tips ein ven Skriv ut