A A A
Kontrastverktøy Kontrastverktøy

Innbyggarundersøking

Årdal skal vera ein god kommune å bu, leva og arbeida i.
Det er visjonen til kommunen og for å få dette til må me stadig tilpasse oss innbyggjarane sine behov. 

Me ynskjer å få tilbakemelding på erfaringar og synspunkt om tenestene me tilbyr, og me vil vite kva innbyggarane våre meiner om kommunen som plass å bu og om korleis lokaldemokratiet fungerer. Dette er årsaka til at det no vert gjennomført innbyggjarundersøking som omhandlar desse tema.

I løpet av kort tid vil det bli sendt ut invitasjon til eit tilfeldig, men representativt, uttrekk av kommunen sine innbyggjarar frå 18 år og eldre.
Deltakinga er frivillig, men me håpar at dei som mottek invitasjonen kan hjelpe oss med å få eit innblikk i kva som er bra og kva me bør gjera betre i Årdal kommune.

Undersøkinga er oppbygd på den måten at alle svar er anonyme og i tråd med Datatilsynet sine reglar for personvern. 

Tips ein ven Skriv ut