A A A
Kontrastverktøy Kontrastverktøy

Ingen Covid-19 i Årdal no

tulipanbed_rådhuset_250x167

Kommuneoverlegen melder i dag om at det er ingen påvist smitta av Covid-19 i Årdal no.
Personen som var påvist smitta - er no friskmeldt og er ute av isolasjon.

Kommuneoverlegen har difor ei oppmoding til innbyggarane i Årdal kommune - no som det vert letta på restriksjonar

No er det vår, finvær og hytteforbodet er oppheva.
Naturen smiler til oss.
Alle er rastlause etter veker med å halde seg i ro, karantenereglar og krav om avstand.

Smittetala går nedover. Fleire piler peikar rett veg her i vår vetle fredlege plett på jorda.
Skular og barnehagar opnar sakte men sikkert.
Det same skjer av frisørar, tannlegar, fysioterapeutar og butikkar.

Vårfornemminga og kjensla av fridom er på full fart inn.
Vi får alle ei oppleving av at no kan vi slappe av på krava og unne oss større friheiter.
Kort sagt, normalisere tilværet.
Nokon vil ut og slå ut armane. Andre er skeptiske, og lurer på om dette er trygt.
Som vanleg er det sånn at alle har rett.

Er det da trygt? Ja, det er trygt. I betydinga trygt nok.

Men, det er nokon viktige vilkår for at det skal vere trygt nok.
Myndigheitene har no gitt kvar enkelt av oss eit større ansvar for situasjonen.
Derfor er det viktigare enn nokosinne at vi følgjer råd som vi har fått, og vil få, av myndigheitene.

For eksempel fritidsreiser. Vi skal framleis begrense dette mest muleg. Det er for tidlig å reise på ferie / fornøyelsereiser.
Når vi reiser er det viktig at vi begrensar kontakt med andre menneske mest muleg og held avstandsreglane. Unngå stader der mange menneske er samla.
Derfor er ikkje dette tida for den store handleutflukta til byen eller eit bynært kjøpesenter.
Vi må tole å vente litt lenger på dette.

Ha alltid med handsprit og papirlommeturkle. Unngå offentlege toalett viss du kan.
Fortsett å møtast utandørs. Ikkje del drikkeglas/drikkeflasker m.m. med andre.

Skal vi klare å unngå nye inngripande tiltak må vi alle bidra. Vi må også bidra til at smitte vert oppdaga lettare og smitteoppsporing blir enklare. Da er det ikkje nok med testing. Vi må finne nærkontaktane.

Derfor:
Last ned smitteappen. Følg råd fra folkehelsa. Unngå stader der mange menneske er samla. Skal du ut på tur, så førebu deg godt og unngå nærkontakt.

Klarer vi dette ei stund til, så slepp me å sjå stengte skular, barnehagar og butikkar fleire gonger.

Frode Myklebust
kommuneoverlege