A A A
Kontrastverktøy Kontrastverktøy

Informasjonsmøte om handtering av naturskader


Felles Landbrukskontor ÅLA har fått i oppdrag å invitera til ope møte med tema handtering av naturskade.
Møte vert på rådhuset i Aurland måndag 3. november 2014 kl 18.00.

Med på møte vert mellom anna seksjonssjef Gunn Eide frå Landbruksdirektoratet. Ho har spisskompetanse frå handtering av naturkatastrofar i Noreg.

I tillegg kjem representant frå;
•    Norsk naturskadepool
•    Fylkesmannen i Sogn og Fjordane
•    Politiet
•    Aurland kommune
•    Lærdal kommune

På møte vert det orientering om gjeldande rutinar og reglar for korleis og kor dei som er ramma av naturkatastrofar kan få hjelp.

Det vert høve til å stilla spørsmål til dei frammøtte i plenum og kvar for seg.

 

Tips ein ven Skriv ut