Viktig informasjon om koronaviruset

Status smitte i Årdal

Status 20. mars: Ny smitte påvist i Årdal  

Tilreisande frå Oslo har i dag fått påvist positiv covid-19 test. Vedkomande har vore i karantene og er no sett i isolasjon. Nærkontaktar har vore i ventekarantene, men er no sett i karantene i påvente av svar på test.

18. mars: engelsk mutasjon påvist i Årdal

Ein person som sitter i isolasjon grunna positiv test etter reise til utlandet har ved vidare viruskartlegging fått påvist engelsk mutasjon.

Personen har vore i karantene og isolasjon etter heimkomst. Eit familiemedlem er smitta. Denne har og vore i karantene eller isolasjon i heile perioden.

Det er ingen ny smitte eller andre personar i karantene grunna dette tilfelle. Det er ingen fare for spreiing til resten av samfunnet.

17. mars: Ute av isolasjon

Fredag 5. mars fekk Årdal kommune stadfesta ei positiv prøve, som seinare viste seg å vere ein brasiliansk mutant av covid-19 viruset. Det kom seinare to positive prøver knytt til nærkontaktar av den først smitta personen. 

Dei to personane som testa positivt fyrst, er no ute av isolasjon. Den tredje personen som testa positivt er fortsatt i isolasjon. Årdal kommune har rådført seg med FHI om desse tilfella, og det er i samråd med dei at lengda på isolasjonstida er sett.

17. mars: brasiliansk mutasjon stadfesta påvist på nærkontakt

Årdal kommune har i dag fått varsel om at analyse av prøve teken av nærkontakt er påvist med brasiliansk mutasjon. Dette var forventa.

Det er ingen nye positive prøver teken i Årdal kommune sidan 12. mars.

Status 12. mars:

Fredag kveld kom det melding om ny kjend nærkontakt som har testa positivt. Personen har vore i karantene heile tida og er no sett i isolasjon. 
Me presiserer at dette tilfellet har ingen samanheng med den brasilianske mutasjonen. 

12. mars: Brasiliansk mutasjon påvist i Årdal

Personen fekk påvist smitte ved innreise til Noreg og har heile tida vore sett i isolasjon.
Smittesporer ba om nærare identifisering på grunn av mistanke om mutasjon. Dette er no stadfesta.

Nærkontaktar vart raskt identifisert og sett i karantene. Det er seinere påvist smitte av to av nærkontaktane.
Kommunen har situasjonen under kontroll.

Det er ikkje mistanke om, eller identifisert nærkontaktar ut over dei som no er sett i karantene eller isolasjon.

Status 10. mars:

Me har fått ein ny positiv prøve, hjå ein kjend nærkontakt. Vedkomande har vore i karantene og er no sett i isolasjon. Det er ingen nye nærkontaktar som treng testast. Personen som no har testa positivt i karantenetida, testa negativt på første prøve da vedkomande vart sett i karantene.

Det er til no ni personar som har testa positivt på covid-19 i Årdal.

Status 7. mars:

Det er påvist ny person smitta av Covid-19 i Årdal kommune. Personen var i innreisekarantene da melding om positiv test kom. Vedkomande er sett i isolasjon og nærkontaktar er avklart.

Status 6. mars:

Det er påvist ein ny smitta av Covid-19 i Årdal kommune. Personen har vore i karantene som nærkontakt og er no sett i isolasjon. Smittekjelde er kjend og det er oversikt på andre nærkontaktar.

Til toppen